Forsking og innovasjon i den kommunale helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta
Artikkel | Sist oppdatert: 02.05.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa er opptatt av å styrke kunnskapsgrunnlaget i og om den kommunale helse- og omsorgstenesta. Vi blir fleire, og fleire av oss blir eldre. Den medisinske utviklinga fører til at fleire overlever alvorleg sjukdom og fleire lever lenge med kroniske sjukdomar og/eller funksjonsnedsettingar.
Desse demografiske endringane og eit aukande behov blant innbyggjarar for kommunale helse- og omsorgstenester krev ei styrkt forskingsinnsats i og om denne delen av helse- og omsorgstenestene.
Auka behov for helse- og omsorgstenester
At fleire overlever alvorleg sjukdom og lever med langvarige og komplekse hjelpebehov, gir auka etterspurnad etter helse- og omsorgstenester. Samtidig har det vore ei betydeleg vekst i talet på yngre tenestebrukarar under 50 år.
Pasientar og brukarar i alle aldersgrupper vil ha behov for samansette tenester, ofte frå fleire tenesteytarar på ulike tenestenivå. Utviklinga av nye og effektive behandlingsformer, diagnostikk og tenester skjer i stort tempo.
Dette gir både tenesteytarar og tenestebrukarar nye moglegheiter, men byr samstundes på utfordringar fordi mange av desse tiltaka kan vere kostbare og ha usikker effekt.
Korleis arbeide kunnskapsbasert?
Beslutningstakarar i den kommunale helse- og omsorgstenesta må i aukande grad ta vanskelege avgjerder som handlar om å prioritere mellom ulike tenesteområde, brukarar og pasientar. Derfor er det avgjerande å bruke tilgjengelege ressursar på dei tiltaka som verkar best.
Dette er berre mogleg dersom dei som tar avgjerder har kjennskap til kunnskapsgrunnlaget for tiltaka. Kunnskapsbasert tenesteutøving og tenesteutvikling føreset forsking og fagutvikling.
Forsking skal bidra med kunnskap om:
- helsetilstanden i befolkninga, og kva som påverkar helse og funksjon
- kva helsefremjande og sjukdomsførebyggande tiltak som har effekt
- og korleis helsepersonell best kan diagnostisere, behandle og følge opp sjukdom og funksjonssvekking i befolkninga
Kunnskapsbasert praksis er også ein føresetnad for arbeid med kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit.
Kliniske studiar i den kommunale tenesta
Dei fleste innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester mottar hovudvekta av tenestene i kommunane. Kommunale helse- og omsorgstenester dekker spennet av tenester for helsefremjande, førebyggande og rehabiliterande tilbod retta mot alle aldrar, utgreiing, behandling og oppfølging, til omsorg og palliasjon.
Dette gjer dei kommunale tenestene til ein viktig arena for gjennomføring av ulike typar kliniske studiar. Behovet for forskingsbasert klinisk kunnskap og praksis er stort i dei kommunale tenestene.
Det blir arbeidd langs ulike spor for å styrke forsking i og på kommunale tenester. Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar er særleg relevant i denne samanhengen.
Forsking og fagutvikling i kommunane
Kunnskapsbasert tenesteutøving og tenesteutvikling føreset forsking og fagutvikling. Kunnskapen må vere tilgjengeleg og delt, og den må bli tatt i bruk. Slik kan kommunane finne nye og betre måtar å yte tenester og organisere oppgåver på, i tråd med rammer og behov.
Ein rapport frå NIFU (nifu.no, PDF) viser ei markant auke i forsking og vitskaplege artiklar relatert til kommunale helse- og omsorgstenester. Det same viser prosjektbanken i Forskningsrådet (forskningsradet.no).
I dette arbeidet står kunnskaps- og kompetansesentra utanfor spesialisthelsetenesta, Senter for omsorgsforsking og Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester sentralt.
HelseOmsorg21-rådet (helseomsorg21.no) sitt arbeid har bidratt til ei meir tydeleg prioritering av forsking i kommunane.
Samarbeidsarena for forsking
Kommunane sin samarbeidsarena for forsking KSF (ks.no) bygger samarbeid mellom små og store kommunar, forskingsmiljø og andre aktørar som støttar opp om kunnskapsutvikling i kommunane.
Folkehelseinstituttet skal fortsette arbeidet med å utvikle eit kunnskapsstøttesystem for kommunale helse- og omsorgstenester, som skal ivareta metodevarsel og eigna vurderingar.
Vidare skal dei utarbeide kunnskapsoppsummeringar og mini-metodevurderingar, støtte regionale FoU-miljø med omsyn til regionale leveransar og koordinere felles praksis og metodebruk på tvers av regionar, samt gi bistand til kommunane sin bruk av kunnskapen og iverksette forsøk i enkeltkommunar.
Fire strategiske område
Kommunal sektor som forskingsaktørar, fagutviklings- og opplæringsarena er eitt av dei fire strategiske områda i Kompetanseløft 2025.
Det går fram av Kompetanseløft 2025 at det er behov for at den kommunale helse- og omsorgstenesta og den offentlege tannhelsetenesta tar ei meir aktiv rolle som initiativtakar og deltakar i forsking, og som fagutviklings- og opplæringsarena.
Resultat innan oral helse
Den pågåande forskingsstrategien for oral helse Sammen om kunnskapsløft for oral helse, forskings- og innovasjonsstrategi på tannhelsefeltet (2017–2027) begynner å vise resultat.
Det er etablert fleire nettverk, og det blir rapportert om ei auke i publikasjonspoeng, i doktorgrader og finansiering frå Forskningsrådet.
Omlegging av forskingsfinansieringa for forskings- og kompetansesenter innanfor tannhelse, primærhelseteneste, psykisk helse, vald og rus har bidratt til ei auke av dei same forskingsindikatorane.