Årskonferanse i Partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjon

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Årskonferansen i Partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjon vart heldt i Ottawa, Canada, 19. november. Noreg, som for tida er formann i partnarskapen, leia møtet.

Årskonferansen i Partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjon vart heldt i Ottawa, Canada, 19. november. Noreg, som for tida er formann i partnarskapen, leia møtet. Ei ekstern evaluering av partnarskapen vart framlagt tidlegare i haust, og som ein del av oppfølginga av evalueringa diskuterte representantane for landa ei rekke spørsmål knytta til den vidare utviklinga av partnarskapen og prioriteringar dei næraste åra. Det vart nedsett ei internasjonal strategigruppe som vil arbeide vidare med desse temaa og kome med konklusjonar før neste årskonferanse som vil bli avheldt i Oslo 25. november 2009.

I samband med årskonferansen arrangerte Health Canada eit fagseminar om urfolkhelse 20. og 21. november med deltakarar frå dei fleste partnerlanda, USA og fleire internasjonale organisasjonar. Fra Noreg deltok forutan representantar frå Helse- og omsorgsdepartementet seniorrådgjevar i samisk samfunnsmedisin frå Helsedirektoratet, Ole Mathis Hetta.