EU-høyring om bioberedskap

EU-kommisjonen la 12. juli 2007 fram ei grønbok om bioberedskap. Grønboka er på høyring fram til 1. oktober.

EU-kommisjonen lanserte 12. juli 2007 ei grønbok om bioberedskap, herunder bioterrorisme. I samanheng med grønboka inviterer Kommisjonen til ei open høyring på europeisk nivå med frist for innspel til 1. oktober 2007. Grønboka er forankra i Generaldirektoratet for justis, frihet og tryggleik (DG JLS) i samarbeid med Generaldirektoratet for helse og forbrukarsakar (DG SANCO).

Grønboka søkjer å stimulere til debatt, og å konsultere relevante aktørar i Europa om korleis ein kan redusere risikoen og styrkje beredskapen knytta til biologiske hendingar, herunder terrorangrep. Målet er å styrkje EU si evne til å førebyggje og handtere biologiske hendingar, og å samordne innsatsen frå nasjonale styremakter og andre råka partar i ulike sektorar.
 
Grønboka er lagt ut til høyring utan å vere stila spesielt til nasjonale styremakter. Høyringa er open for alle offentlege og private interessentar.

Lenke til EU-kommisjonen si pressemelding om grønboka (engelsk)

Lenke til grønboka på heimesidene til DG JLS (engelsk)