Grønbok om røykfritt miljø frå EU-kommisjonen

Europakommisjonen la 30. januar fram grønboka "Towards a Europe free from tobacco smoke: policy options at EU level." (KOM(2007)27). Føremålet med meldinga er "...å starte ein brei offentleg debatt om korleis ein kan fremje eit røykfritt miljø i EU." Kommisjonen inviterer EU-institusjonane, medlemsland og offentlegheita til å kommentere grønnboka innan 1. mai i år. Deretter vil Kommisjonen lage ein rapport på bakgrunn av dei innkomne innspela som grunnlag for vidare prosess.

Europakommisjonen la 30. januar fram grønboka  "Towards a Europe free from tobacco smoke: policy options at EU level." (KOM(2007)27). Føremålet med grønboka er "...å starte ein brei offentleg debatt om korleis ein kan fremje eit røykfritt miljø i EU." Kommisjonen inviterer EU-institusjonane, medlemsland og offentlegheita til å kommentere grønnboka innan 1. mai i år. Deretter vil Kommisjonen lage ein rapport på bakgrunn av dei innkomne innspela som grunnlag for vidare prosess.  

Meir informasjon på EU-kommisjonen sine heimesider

Lenke til grønboka - KOM(2007)27

I følgje helsekommisær Markos Kyprianou drep passiv røyking meir enn 7000 vaksne i EU kvart år. Erfaringane frå europeiske land med omfattande anti-røykpolitikk er at dei gir resultat og er populære. Ei EU-undersøking syner at meir enn 80% av innbyggarane i EU er positive til røykeforbud på arbeidsplassar og innadørs offentlege område. Spørsmålet no er korleis ein kan byggje opp under trenden som peikar mot røykfrie miljø i medlemslanda, og i kva grad/på kva for nivå EU skal engasjere seg i dette?

Grønboka drøftar fem tilnærmingar til dette spørsmålet. So langt har temaet røykfrie omgjevnader blitt teke opp i ikkje-bindande anbefalingar, mens regelverk  i medlemslanda varierer i stor grad. Røykeforbud på offentlege stader og arbeidsplassar er iverksett i Irland og Skottland - England og Nord-Irland innfører tilsvarande forbud sommaren 2007. Elles har fleire medlemsland forbud  og regelverk på ulikt nivå og område.

Høyringsfristen for å kome med innspel på grønboka er 1.mai 2007.