Evaluering av norsk-russisk helsesamarbeid

NIBR har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet evaluert dei norsk-russiske samarbeidsprosjekta som har motteke norsk støtte sidan 2002. Rapporten vart overrekt statssekretær Rigmor Aasrud i Helse- og omsorgsdepartementet 7. februar.

Sidan midten av 90-talet har Noreg og Russland samarbeidd om helsespørsmål. Frå 2002 til 2006 har regjeringa brukt ca 75 millioner kroner på ulike prosjekt i regi av norske og russiske fagmiljø og organisasjonar. Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) har på oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet evaluert samarbeidet, og evalueringsrapporten vart overrekt statssekretær Rigmor Aasrud 7. februar.

Arbeidet med evalueringa har vært leia av forsker Jørn Holm-Hansen ved NIBR.

Rapporten peikar på følgjande resultat av prosjektsamarbeidet:

  • Etablering av ei brei kontaktflate mellom norske og russiske fagmiljø
  • Innføring av nye metodar
  • Etablering av nye utdanningar
  • Effekter på helsestatus i Russland

Last ned rapporten (pdf)