Folkehelseprogrammet

Helse- og omsorgsdepartementet har hovudansvaret for norsk deltaking i Folkehelseprogrammet i Noreg. Norske styresmakter deltek i EU sin forvaltningkomité for programmet

Om programmet

Folkehelseprogrammet (2003-2008) har tre hovudsøyler:

  • Innsamling og analyse av helsedata og betring av informasjonen om desse data til brukargrupper.
  • Snøgg reaksjon mot helsetrugsmål.
  • Førebygging av risikofaktorar og fremjing av folkehelsa.

Innan kvar og ein av desse tre søylene er det vedteke ei rekkje mål og tiltak. Tiltaka under punkt 1 omfattar satsing på utarbeiding av offentleg tilgjengeleg helseinformasjon med samanliknbare nøkkeldata til nytte både for styresmakter, ulike helseyrke og pasientgrupper. Tiltaka under punkt 2 omfattar vidare utvikling av det eksisterande nettet for tidleg varsling når det gjeld utbreiing av smittsamme sjukdommar. Målet er å gjere det enklare for dei nasjonale helsestyresmaktene å vurdere, handsame og varsle om den helserisikoen som er knytt til slike sjukdommar. Det vil også verte utarbeidd framlegg og tilrådingar for handtering av krisesituasjonar. Vidare skal det utarbeidast oversikter over laboratoriekapasitet og eksisterande lager for vaksinar og antibiotika. Når det gjeld tiltak under punkt 3 vil hovudfokuset heller liggje på førebygging enn på behandling. Kampen mot tobakk vil vere ei av fleire satsingar.

Helse- og omsorgsdepartementet har hovudansvaret for norsk deltaking i Folkehelseprogrammet i Noreg. Norske styresmakter deltek i EU sin forvaltningkomité for programmet. Norsk representant i komiteen og nasjonal kontaktperson er seniorrådgjevar Tharald Hetland.

Meir informasjon om programmet på Europakommisjonen sine informasjonssider

Budsjett

Folkehelseprogrammet (2003-2008) har eit EU-budsjett på 354 millionar euro. Noreg yter eit tillegg på ca. 2%, dvs. 57 millionar kroner. I tillegg finansierer Noreg som ein del av kontingenten tre nasjonale ekspertar i Europakommisjonen tilknytta Folkehelseprogrammet. For tida er dette

Guri Galtung Kjæserud (Public Health) +32 2 299 2050

Åse Fulke  (Public Health) +352 4301 35215

Neste programfase

I april 2005 presenterte Europakommisjonen forslag til eit samla program for folkehelse (2007-2013). Det er seinare oppnådd semje om å skilje desse i to separate program. Kommisjonen offentliggjorde difor i mai 2006 eit forslag til nytt Folkehelseprogram (engelsk versjon) for perioden 2007-2013. Forslaget er for tida under behandling i Europaparlamentet og Rådet. Programmet vil truleg få eit EU-budsjett på 365,5 millionar euro for 7-årsperioden, noko som vil bety eit eventuelt norsk bidrag til programmet på ca. 63 millionar kroner. Det eksisterande folkehelseprogrammet vil opphøre frå det tidspunktet avgjerda om det nye programmet trer i kraft, dvs. truleg frå 1.1.2007.

Noreg, Island og Liechtenstein vil formelt ta stilling til deltaking i det nye programmet straks det er vedtatt på EU-sida.