Fransk formannskap i EU frå 1. juli

Frankrike overtek EU-formannskapen frå Slovenia 1. juli. Her kan du lese om dei franske prioriteringane på helseområdet hausten 2008.

 

 

 

 

 

 

 

Frankrike tek over som EU-formannskap 1. juli etter Slovenia.  

Nytt felles troika-program

På same måte som dei siste åra, har òg Frankrike, Tsjekkia og Sverige laga eit felles rameverk for dei neste tre formannskapane i EU. Fellesprogrammet deira vart offentleggjort 16. juni.

Helse

På helseområdet peikar dei tre formannskapane spesielt på at tiltak på EU-nivå kan gje tilleggsverdi for pasientar og helsesystem i konteksten av auka mobilitet i EU. Pasientsikkerhet og kvalitet på helsetenester må stå sentralt i utviklinga av framtidige system og reguleringar. På denne bakgrunn set dei tre neste formannskapslanda seg mål om å sluttføre forhandlingane om eit nytt direktiv om grensekryssande pasientrettar i den neste 18-månadersperioden. 

Dei tre landa vil særskilt fokusere på tilgang og tryggleik ved organdonasjonar. Vidare vil dei bidra til fortsatt utvikling av e-helse og overføring og deling av helseinformasjon. Helsefremjande tiltak og førebyggjing av sjukdom er kjerneaktivitetar i folkehelsepolitikken i EU. Som ei oppfølgjing av alkoholstrategien til EU og tiltak mot røyking vil formannskapslanda fokusere ytterlegare på alkoholforbruk og bruk av tobakksartiklar retta mot unge.

EU-strategien om ernæring, overvekt etc. vil framleis stå i fokus. Vidare vil helsetruslar, med særleg vekt på smittsomme sjukdommar og andre truslar mot folkehelsa krevje auka koordinering og samarbeid på EU-nivå. På dette området ønskjer formannskapslanda å auke den politiske merksemda og vil arbeide for å styrke EU-systema så ein kan få enda meir effektive overvåkingsmekanismar som bind sammen nasjonale -, EU- og globale institusjonar. Oppfølgjing av arbeidet med antibiotikaresistens vil vere sentralt.

I lys av den aldrande befolkinga i EU vil formannskapane spesielt trekke fram sjukdommen alzheimer, og fokusere på tiltak på EU-nivå for å betre forskings-koordinering og erfaringsutveksling om helse- og omsorgstenester. Tiltak relatert til sjeldne sjukdommar vil òg bli fulgt opp.

Formannskapslanda erkjenner at legemidler spelar ei sentral rolle for folkehelsa. Dei stør det overordna EU-målet om å betre kvalitet og sikkerhet for legemiddel, og dei vil særleg prioritere å styrke og rasjonalisere overvåking, tiltak mot antibiotikaresistens, bekjempe piratkopiar og videreutvikle informasjonspolitikken. Formannskapa vil òg understreke EU som ein viktig region for utvikling av innovative medisinske produkt.

Mattryggleik

Med eit mål om å forenkle regelverket og samtidig oppretthalde eit høgt nivå for folkehelse og trygge forbrukarinteresser vil dei tre formannskapane søkje å sluttføre arbeidet med den igangsatte revisjonen av gjeldande regelverk for mat og ernæringsmerking og for "ny mat". Kommisjonen la fram framlegg i desse sakane i januar og februar i år.