Margaret Chan har overteke leiinga av WHO

4. januar 2007 overtok kinesiske Dr Margaret Chan som generaldirektør i Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Etter valet i november 2006 overtok Margaret Chan 4. januar 2007 offisielt som generaldirektør i Verdshelseorganisasjonen (WHO), ein posisjon ho har til 30. juni 2012. Ved innsettinga peika ho på to område ho meinte vil vere avgjerande for om hennar leiing av WHO vert vurdert som vellykka og effektiv: Arbeidet retta mot kvinner og mot befolkninga i Afrika.

Chan har definert seks prioriterte område ho vil at WHO sitt arbeid skal fokusere på dei kommande åra: Helseutvikling, helsetryggleik, kapasitetsbygging i helsesektoren, betre informasjons- og kunnskapsarbeid, tilrettelegging for partnarskap og betre effekt av WHO sitt arbeid.

Under talen sin til dei ansatte ved hovudkontoret i Geneve signaliserte Chan òg at ho vil bruke talen sin på Verdas helseforsamling i mai til å seie meir om visjonane sine for WHO.

Chan har utnemnt Dr Anarfi Asamoa-Baah frå Ghana til visegeneraldirektør i WHO. Asamoa-Baah har arbeidd i WHO sidan 1998, etter tidlegare å ha vore direktør for medisinske tenester i Ghana. Han har brei erfaring frå arbeid med folkehelse, helsepolitikk og utvikling av helsesystem.