Ny nordisk sosial- og velferdsinstitusjon

1. januar 2009 blei Nordisk velferdssenter (NVC), med hovudsete i Stockholm, offisielt etablert. Institusjonen skal fremje utviklinga på det sosial- og velferdspolitiske området i Norden.

1. januar 2009 blei Nordisk velferdssenter (NVC), med hovudsete i Stockholm, offisielt etablert. Institusjonen skal fremje utviklinga på det sosial- og velferdspolitiske området i Norden.

NVC har huvudkontoret i Stockholm og skal leie og samordne verksemda ved dotterinstitusjonane NVC Danmark (med verksemd i Dronninglund, Jylland) og NVC Finland (med verksemd i Helsingfors). Med den nye institusjonen sikrar dei nordiske landa ei fortsatt effektivisering og ein meir målretta innsats på dei prioriterte saksområda. Det er òg ei målsetting at verksemda til institusjonen i større grad skal reflektere den politiske dagsordenen i Nordisk ministerråd.

NVC er resultatet av ei sammanslåing av Nordisk samarbeidsorgan for handikapspørsmål (NSH), Nordisk utviklingsprogram for utvikling av sosialtjenester (NOPUS), Nordisk utdanningssenter for døvblindepersonale (NUD) og Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking. Nordiska Högskolan för Folkhälsovetenskap i Göteborg held fram i sin noverande form og kjem til å arbeide tett med den nye institusjonen. 

Totalt vil verksemda omfatte om lag 25 tilsette med eit budsjett på cirka 30 millioner SEK årleg.