Nordisk seminar om merking av næringsmidler

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Det norske formannskapet i Nordisk ministerråd arrangerer 20.-21. november 2006 eit to dagars seminar i samband med EU sin revisjon av regelverket om merking av næringsmiddel.

Det norske formannskapet i Nordisk ministerråd arrangerer 20.-21. november 2006 eit to dagars seminar i samband med EU sin revisjon av regelverket om merking av næringsmiddel.

Formålet med seminaret er å få ei oversikt over kva som er gjort på området i dei ulike nordiske landa og i nordisk samarbeid, og sjå på moglegheitene for å spele inn felles nordiske haldningar til EU i samband med denne revisjonen.

Første dag av seminaret vil bestå av foredrag med blant anna presentasjon av nordiske studium og påfølgande dialog mellom styremakter, forbrukarrepresentantar, industri og handel. Andre dag av seminaret er atterhalde representantar frå styremaktene, der ein oppsummerer diskusjonane frå første dag og ser på områder der ein kan gjere felles tilnærming overfor EU-kommisjonen.

Meir informasjon

Om program og påmelding til seminaret på Mattilsynet si heimeside

Om merking av næringsmiddel