Markos Kyprianou gjev seg som helsekommissær i EU-kommisjonen

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Det vart 27. februar formelt klart at Markos Kyprianou gjev seg som helsekommissær for å ta over som ny utanriksminister på Kypros.

Torsdag 27. februar vart det klart at Markos Kyprianou gjev seg som helsekommissær for å ta over som ny utanriksminister på Kypros, etter at det var presidentval på øya sundag. Ei viktig oppgave for Kyprianou vil bli arbeidet for eine dei to delane av middelhavsøya.

Androulla Vasilio er nominert til å overta som helsekommissær etter landsmannen sin. Vasilio har vore parlamentsmedlem på Kypros sidan 1996, og er gift med tidlegare president George Vasilio.

Les meir på heimesidene til EU-kommisjonen: