Kommisjonen legg fram ny helsestrategi for EU

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

EU-kommisjonen la 23. oktober 2007 fram helsestrategien, som legg føringar for det helseretta arbeidet i EU for perioden 2008-2013.

Europakommisjonen la 23. oktober 2007 fram ein ny helsestrategi: “A strategic Approach for the EU, 2008–2013”. Den inneheld tiltak innanfor helsesektoren som EU skal arbeide med i perioden 2008 – 2013. Målet med strategien er å få på plass eit godt helsevesen som kan møte ei aldrende befolkning, verne innbyggjarane mot helsetruslar, og byggje opp eit godt helsesystem.

Helsestrategien byggjer på 4 grunnleggande prinsipp og beskriv 3 overordna mål. 18 konkrete prioriteringar er identifisert for dei neste 2 åra, og nye initiativ bli utvikla vidare i perioden. Strategien fokuserer på god helse i et aldrande Europa, vern av innbyggjarane i EU mot helsetruslar, herunder smittsomme sjukdommar, bioterrorisme og pasienttryggleik, og støtte til modernisering og ei dynamisk utvikling av helsesystem gjennom bruk av ny teknologi.

I følge Kommisjonen må ein sjå strategien i samband med den nyleg vedtekne Reformtraktaten, som har eit overordna mål om å støtte velferda til borgarane, og oppfordrar til samarbeid mellom medlemslanda om helsespørsmål generelt og helsetenester spesielt. Imidlertid er det fleire utfordringar i sektoren som treng nye strategiske tilnærmingar. Hensikten med strategien er ifølge kommisær Markos Kyprianou å setje Kommisjonen i stand til å hjelpe medlemslanda i møtet med felles utfordringar, basert på verdiar og prinsipp medlemslanda deler og har forplikta seg til, utan å sjå bort fra globalt ansvar og forpliktingar.

Strategien skisserer ei rekke tiltak som kvar for seg og til saman skal bidra til det overordna målet å redusere skilnader i helse. Dette skal Kommisjonen få til mellom anna ved å hjelpe medlemslanda i å utvikle helsesystema deira, utvikle ordningar for å følgje opp sjeldne sjukdommar, fokusere på eldrehelse, sikre organtransplantasjonar, satse på informasjonstiltak/informasjonsdeling mellom landa og utvikle helseindikatorar kombinert med system for å hente inn samanliknbare data.

Kommisjonen vil finansiere tiltaka innanfor dei noverande budsjettrammene fram til 2013. I arbeidet med å gjennomføre strategien vil det nylig vedtatte Folkehelseprogrammet (2007 - 20013) spele ei sentral rolle. I tillegg vil ulike andre EU-program bidra med middel til sektoren; mellom anna PROGRESS, Det sjuande rammeprogrammet for forsking og ulike regionprogram.

Les meir om strategien på EU-kommisjonen sine nettsider (engelsk)