Portugal leiar EU hausten 2007 - prioriteringar på helseområdet

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Blant sakene Portugal vil prioritere på helseområdet er mellom anna korleis styremaktene kan bidra til god folkehelse, sjukdomsførebyggjing, tilgang til helsetenester og innovasjon.

Portugals formannskapslogo

1. juli 2007 tok Portugal over formannskapet i EU etter Tyskland. Fram til Slovenia tek over stafettpinnen ved nyttår er dermed dette landet i sørvest senter for diskusjonane mellom regjeringane i Europa.

På helseområdet viderefører Portugal dei prioriteringane som ligg i 18-månadersprogrammet til formannskapslanda Tyskland, Portugal og Slovenia. Hovedfokus i dette programmet er mellom anna korleis styremaktene kan bidra til god folkehelse, sjukdomsførebyggjing, tilgang til helsetenester og innovasjon i helsesektoren. I tillegg viderefører Portugal det finske initiativet om helsekonsekvensanalysar ("helse i alle politikkområde") og dei tyske initiativa knytta til hiv/aids og nyskaping i legemiddelsektoren.

Hovedinitiativet til Portugal på helseområdet blir konferansen "Helse og migrasjon i EU - betre helse for alle i eit inkluderande samfunn", som finn stad i Lisboa 27.-28. september. Her vil statlege og ikkje-statlege aktørar diskutere migrasjon i det 21. århundre og korleis ein kan sikre immigrantar tilgang til fullverdige helsetenester, fremje ein sunn livsstil for denne gruppa og førebyggje utbrot av smittsomme sjukdommar.

Blant viktige saker som kjem opp under formannskapet til Portugal er ein ny EU-strategi for helse. Denne vil legge føringar for kva EU-kommisjonen skal prioritere på folkehelseområdet dei neste åra. Ei anna viktig sak blir eit rettsaktframlegg frå EU-kommisjonen for å regulere pasientars rettar til behandling i andre EU-land enn sitt eige, eit framlegg som er venta i desember 2007.

Ministrane med ansvar for helsesaker har sitt halvårlege møte i Brussel 5.-6. desember.