Statssekretær Aasrud deltok på høgnivåmøte om HIV/AIDS i New York

Statssekretær Rigmor Aasrud frå Helse- og omsorgsdepartementet leia den norske delegasjonen til FN-høgnivåmøtet om hiv og aids i New York 10.-11. juni. Tema for møtet var status for arbeidet med hiv og aids. Møtet tok òg for seg tematikken rundt universell tilgang til hiv-førebyggjing og aids-behandling.

Aasrud heldt det norske hovudinnlegget under høgnivåmøtet. I innlegget la ho vekt på utfordringane knytta til diskriminering og stigmatisering av hiv-positive. Manglande kunnskap om hiv og holdningar overfor menneske som lever med hiv utgjer store utfordringar i arbeidet med å bekjempe stigma og diskriminering.

Under høgnivåmøtet deltok statssekretær Aasrud òg i ein paneldebatt om utfordringane knytta til leiarskap og politisk støtte i land der hiv-epidemien er konsentrert til utsatte grupper. Aasrud la her særleg vekt på kor viktig det er å utvise leiarskap overfor sårbare grupper som menn som har sex med menn, sprøytemisbrukrar og sexarbeidarar.

Les meir: