Svensk formannskap i Nordisk ministerråd - prioriteringar på helseområdet

Kort presentasjon av dei svenske formannskapsprioriteringane på helse- og sosialområdet.

Sverige har i 2008 formannskapet i Nordisk Ministerråd. Det sektorovergripande programmet for denne perioden rettar fokus mot å styrke det nordiske samarbeidet på fire breie felt:

  • Konkurransekraft. Styrka profilering av Norden som region i ei globalisert verd.
  • Klima. Auka nordisk samhandling om klimaspørsmål, blant anna i førebuingane til forhandlingane om ei internasjonal klimaavtale i 2009.
  • Kreativitet. Støtte opp under nordisk samarbeid om utdanning, forsking og kultur med fokus på entreprenørskap og kreative forskingsmiljø. 
  • Koordinering. Tydeliggjere roller og ansvarsdeling mellom NMR og andre regionale aktørar slik som Barentsrådet, Østersjørådet og Arktisk Råd.

I programmet sitt for feltet helse- og sosialpolitikk (MR-S) i formannskapsperioden legg Sverige vekt på å medverke til kontinuitet i det nordiske samarbeidet, samtidig som ein ønskjer å sette preg på prioriteringane i 2008. Sverige har valt å fokusere på sju konkrete område under MR-S i formannskapsperioden:

  • Fortsett arbeid for å avskaffe grensehindringar mellom landa som skaper problem for nordiske borgarar ved arbeid og busetting over grensene, med fokus på problemstillingar som gjeld helse- og sosialfeltet.
  • Nordisk samarbeid om pandemiberedskap, mellom anna med sikte på samordna handling og kommunikasjon ved ein eventuell pandemi.
  • Samarbeid kring spesialisthelsetenester og e-helse.
  • Fokus på funksjonshemma med vekt på eit samarbeid med Europarådet (der Sverige overtek formannskapet i mai 2008).
  • Situasjonen til barn i Norden, med spesiell merksemd retta mot innverknaden barn har i samfunnet, samt vald og overgrep mot barn.
  • Styrke legitimiteten i dei sosiale stønadsordningane i landa med fokus på utveksling av erfaringar med nasjonale system for ettersyn.
  • Samarbeid mot menneskehandel.

Det svenske formannskapet vil halde konferansar og seminar i 2008 om fleire av desse temaa.

Lenke til dei svenske formannskapssidene (svensk)

Lenke til sektorprogrammet for helse- og sosialsektoren (svensk)