Tysk formannskap i EU våren 2007

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Våren 2007 har Tyskland formannskapet i EU, før Slovenia overtek 1. juli. På helse- og mattryggleiksområdet vil Tyskland blant anna fokusere på den aldrande befolkninga i Europa, på nyskaping i medisin og på forebyggjande helsetiltak.

Logo for det tyske formannskapet1. januar overtok Tyskland EU-formannskapet etter Finland. Fram til Slovenia overtek 1. juli er det dimed tyskarane som skal leie ministersamarbeidet i EU. På helse- og mattryggleiksområdet har det tyske formannskapet valt å fokusere på blant anna:

  • Europas aldrande befolkning - moglegheiter og utfordringar
  • Innovasjon og nyvinningar i medisin
  • Forebyggende helsetiltak og fremjing av ei sunn livsstil.

Som ledd i formannskapet vil Tyskland mellom anna arrangere ein ministerkonferanse om korleis styremaktene betre kan involvere friviljuge organisasjonar i forebyggjande HIV/AIDS-arbeid.

Tyskland har òg varsla at dei vil bidra aktivt i prosessen EU-kommisjonen har starta for å regulere helsetenester og pasientmobilitet.  

Ministerrådet med ansvar for arbeid, sosial-, helse- og forbrukarsakar har møte 22. februar og 30.-31. mai, og eit uformelt ministermøte finn òg stad 19.-20. april.

Lenke til dei tyske formannskapssidene