Val av ny generaldirektør i WHO

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Prosessen med å velje ny generaldirektør i WHO er no i gang. I september 2006 vert kandidatane til posten offentleggjort, og ei ekstraordinær generalforsamling 9. november vil utpeike ein ny generaldirektør.

Val av ny generaldirektør i WHO

Jong Lok Wee, som overtok generaldirektørposten i WHO etter Gro Harlem Brundtland i 2003, døyde brått rett forut for Verdas helseforsamling i mai 2006. Som ei følgje av dette må medlemslanda i WHO velje ein ny generalsekretær, og denne prosessen finn stad hausten 2006.

WHO-sekretariatet i Genève mottek forslag til kandidatar fram til og med 5. september 2006. 5.oktober 2006 vil ei liste over aktuelle kandidatar bli offentleggjort i medlemslanda.

WHOs styre held eit ekstraordinært møte 6.-8. november 2006 for å intervjue kandidatane og vil etter ei voteringsrunde nominere ein kandidat. Ei ekstraordinær helseforsamling den 9. november 2006 vil vurdere styret sin nominasjon og utpeike ein ny generaldirektør.

Lenke til WHO sine sider