Verdshelserapporten 2008 med fokus på primærhelse

WHO la 14. oktober fram Verdshelserapporten 2008, og hovudtema i år er primærhelse.

Verdshelserapporten for 2008 vart framlagt tysdag 14. oktober i Alma Ata. 2008 markerer både 60-årsdagen for WHO og 30-årsdagen for Alma Ata-erklæringa om primærhelsetenesta.

Rapporten ser på primærhelsetenesta og dei tilknytta verdiane og prinsippa som er leiande for utviklinga av helsesystem. Rapporten ser på dei erfaringane ein har med primærhelsetenesta, betraktar utfordringane i tida framover og identifiserer 4 hovudvegar (reformer) for helsesystema for å redusere gapet mellom ønskje og gjennomføring:

  • Reformer for universell tilgang til helsetenester som sikrar at helsesystema bidreg til likskap i helse og sosial rettferd
  • Reformer for levering av helsetenester som reorganiserer helsetenesta rundt dei behov og forventningar menneska har
  • Reformer for public policy som sikrar ”sunnare” samfunn ved å integrere handlingar knytta til folkehelsa og primærhelsetenesta ved å ivareta helseaspektet i alle sektorar og ved å styrkje nasjonale og transnasjonale bidrag til folkehelsa
  • Leiarskapsreformer som ivaretek ein inkluderande, deltakande og forhandlingsorientert leiarskap

Les rapporten på heimesidene til WHO