WHO-konferanse om helsesystem i Tallinn

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I Tallinn blei det 25.-27. juni arrangert ein konferanse i regi av WHO Europa med fokus på helsesystem. Som eit høgdepunkt på konferansen slutta deltakarane seg til eit felles charter om helsesystem kalla ”The Tallinn charter: Health Systems for Health and Wealth”.

Helse- og finansministrar deltok i Tallinn 25.-27. juni på ein stor WHO-konferanse om helsesystem. Som eit høgdepunkt på konferansen slutta deltakarane seg til eit felles charter om helsesystem kalla ”The Tallinn charter: Health Systems for Health and Wealth”.

Målsettinga for konferansen er å bidra til å løfte helsesystem høgare på den politiske agendaen. Spesielt er det ei målsetting å bidra til betre forståing av tydinga helsesystem har for folkehelsa og difor for økonomisk vekst i WHO sin Europaregion.

Blant de mange prominente talarane var mellom anna statsminister Andrus Ansip frå Estland, generaldirektøren i WHO Dr. Margaret Chan og helsekommissær i EU, Androulla Vassiliou.

Noreg deltok på konferansen med ein delegasjon bestående av representantar frå Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet.

Meir informasjon om konferansen (engelsk)