Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Introduksjonslova

For at nykomne innvandrarar skal bli godt integrerte, er det viktig at dei kan skaffe seg arbeid og utdanning og delta i samfunnet.

Introduksjonslova regulerer tre ordningar; opplæring i mottak, opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og introduksjonsprogram. Føremålet med lova er å styrke moglegheitene nykomne innvandrarar har for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, samt å styrke deira økonomiske sjølvstende. Loven skal også legge til rette for at asylsøkarar får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv.

Asylsøkarar over 16 år som bur i mottak har plikt til å delta i opplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Nykomne flyktningar har rett og plikt til å delta i eit heiltids introduksjonsprogram som varer i inntil to år. Nykomne innvandrarar med opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det same gjeld familiegjenforeina til norske og nordiske borgarar.

Regelverk:

Til toppen