Busetting av flyktningar

Kvart år oppmodar IMDi norske kommunar om å busette flyktningar som får opphaldsløyve i Noreg. Oppmodingane er basert på berekna behov som blir fastsett av Nasjonalt utval for mottak og busetting.

Imdi ber Norske kommunar om å busette 5 025 flyktningar i 2021. Det er i 2020 behov for å busette 3170 flyktningar.  Dette talet har imdilertid blitt stadig nedjustert i løpet av året. I 2019 blei det busatt  4903,  2018 var det 4822.

Eit nasjonalt utval fastset busettingsbehovet

Det er Nasjonalt utval for busetting av flyktningar som fastset behovet for å busette nykomne flyktningar i kommunane for det komande året. Utvalet fordeler behovet for busettingsplassar etter kriterium fastset av departementet. Det nasjonale utvalet for busetting av flyktningar er leia av IMDi, og har representantar frå staten og frå kommunesektoren

Kommunane buset flyktningar

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) samarbeider med kommunane om busetting.   

Dei som blir busette er tidligare asylsøkarar som har fått opphald, og overføringsflyktningar som får opphald i Noreg etter avtale med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Overføringsflyktningar blir busette direkte i ein kommune når dei kjem til Noreg. Einslege mindreårige og familiar med barn er prioriterte grupper i busettingsarbeidet. Les meir på IMDi sine nettsider.

Einslege, mindreårige flyktningar under 15 år

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkarar under 15 år som kjem til Noreg. Barna får eit bu- og omsorgstilbod i tilpassa omsorgssenter. Ved busetting av dei som har fått opphaldsløyve, har IMDi ansvaret for å skaffe kommuner for alle einslege flyktningar under 18 år, også dei yngste.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), det vil seie direktoratets regionkontor, har ansvaret for den konkrete busettinga av dei som er under 15 år. Etatens overordna mål er å busette barna i rett kommune, med rett tiltak etter vedtak om opphald. Med dette meinast den kommunen som i størst mogleg grad tryggjer barnets omsorgs- og hjelpebehov, som tek omsyn til barnets slektsforhold og som er tilpassa barnets alder.

Integreringstilskot til kommunane

Kommunane mottar tilskot frå staten ved busetting av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag. I tillegg får kommunane tilskot for familiesameinte til desse gruppene. Det gjeld både dei som kjem til Noreg samstundes med hovudpersonen og dei som blir sameinte på eit seinare tidspunkt. Tilskota skal dekke dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har til busetting og integrering i busettingsåret og dei fire neste åra. 

Kommunar som tek i mot flyktningar som krev særskilt tilrettelegging og stor grad av oppfølging, til dømes på grunn av helse, uførleik, krigsskadar og liknande, kan søkja om ekstratilskot.