Aktørar og ansvarsforhold i utlendingsforvaltninga

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Oversikt over departement og etatar som arbeider med innvandring og utlendingsspørsmål.

Skilt ved inngangen til UDI
Skilt ved inngangen til UDI

Justis- og beredskapsdepartementet

 

Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for å utforme staten sin flyktning- og innvandringspolitikk, og har eit breitt samarbeid med andre departement om oppgåver på feltet.

Departementet har ansvaret for utlendingslova med tilhøyrande forskrifter, overordna ansvar for drifta av statlege asylmottak og etatsstyringssansvar for Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). Innanfor departementet sitt ansvarsområde ligg også ansvaret for å varetake norske interesser i EU og Schengen på utlendingsfeltet samt samarbeid med ei rekkje internasjonale organisasjonar.

Justis- og beredskapsdepartementet også har det overordna ansvaret for integreringspolitikken. Departementet har blant anna ansvar for busetjing av flyktningar, forvalting av statsborgarlova og introduksjonslova. Sistnemnde lov omhandlar rett og plikt til norskopplæring. Vidare har departementet ansvar for å leggje til rette for tolking til og frå andre språk i offentleg sektor. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har kjerneoppgåver knytt til integreringspolitikken.

Utlendingsdirektoratet skal iverksetje innvandrings- og asylpolitikken innanfor Justis- og beredskapsdepartementet sitt ansvarsområde og skal gi fagleg baserte bidrag til utviklinga av regelverk og politikk på området. UDI sine hovudoppgåver er å behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarlova. UDI har også ansvaret for drift av mottak for asylsøkjarar og arbeidet med assistert retur.

Utlendingsnemnda behandlar alle klagar etter utlendings- og statsborgarborgarlova over vedtak som UDI treffer i fyrste instans. UNE fungerer som eit uavhengig forvaltningsorgan når UNE fattar vedtak i klagesaker. Gjennom systematisk og grundig etterprøving av dei vurderingane som er gjort i fyrste instans, skal UNE hjelpe til å varetake rettstryggleiken på utlendingsfeltet. UNE har også ei viktig rolle som lovtolkande organ, sidan UNE sin praksis er retningsgivande for praksisen til UDI. Vidare skal UNE sørge for å skape tillit til at vedtaka som fattast er i tråd med internasjonale konvensjonar og norsk lov.

Politidirektoratet (POD) er eit forvaltningsorgan underlagt departementet, og har ansvaret for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av politidistrikta og politiet sine særorgan. På straffesaksbehandlinga skjer dette i samarbeid med riksadvokaten. Dei 12 politidistrikta mottek, førebur og behandlar søknader om opphalds- eller arbeidsløyve, reisedokument og statsborgarskap. Politidistrikta skal også uttransportere personar med
ulovleg opphald.

Politiets utlendingsenhet (PU) har som hovudoppgåvene å registrere asylsøkjarar som kjem til Noreg, etterforske for å fastsetje identitet, uttransportere personar utan lovleg opphald og drive Politiets utlendingsinternat på Trandum. Politiet har også oppgåver knytt til grensekontrollar.

Politiets sikkerhetstjeneste (PST) bidreg særleg i spørsmålet om kva for sikkerhetskonsekvensar utlendingar sine opphold i riket kan ha, og førebygging og etterforsking knytt til dette.

Kriminalpolitisentralen (KRIPOS) er eit sentralt bistandsorgan også for politiet si oppgåveløysing på utlendingsforvaltninga sitt område. 

Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet har det overordna ansvaret for arbeidsinnvandringspolitikken og saksfeltet som gjeld innreise og opphald til Noreg for utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen. UDI og politiet har kjerneoppgåver på dette området.

Utenriksdepartementet

Utenriksdepartementet har det administrative ansvaret for utanriksstasjonane, som er ein viktig del av fyrstelinjetenesta for utlendingar som ønskjer å gjeste eller flytte til Noreg. Utanriksstasjonane fattar førsteinstansvedtak i visumsaker, og er saksførebuande instans for alle utlendingssaker fremja utanfor Noreg. Stasjonane førebur slike saker for vedtak i Utlendingsdirektoratet og i politiet ved å innhente og verifisere opplysningar, og å intervjue søkjarar.

Utanrikstenesta har også oppgåver knytt til verifisering av opplysningar i asylsaker på vegner av UDI og UNE, og er ein viktig samarbeidspartnar for politiet i arbeidet med avklaring og verifisering av identiteten til asylsøkjarar og andre utlendingar. Utanriksstasjonane støttar i arbeidet med retur av personar utan lovleg opphald. Utanriksdepartementet og Justis- og vernebuingsdepartementet arbeider saman for fleire returavtalar.

Utanrikstenesta arbeider og med å leggje til rette for arbeidsinnvandring til Noreg, blant anna ved at enkelte utanriksstasjonar fattar vedtak ved behandling av søknader om arbeidsløyve frå faglært arbeidskraft for å sikre norsk næringsliv rask og enkel tilgang på høgkompetent arbeidskraft.

Meir informasjon om Utenriksdepartementet sitt ansvar på utlendingsfeltet finnast i Utenriksdepartementet sin Prop. 1 S (2014/2015) programområde 02.