Busetting av flyktningar

Kvart år oppmodar IMDi norske kommunar om å busette flyktningar som får opphaldsløyve i Noreg. Oppmodingane er basert på berekna behov som blir fastsett av Nasjonalt utval for mottak og busetting.

Behovet for busetting av flyktningar i 2017 har gått ned etter med om lag 30 prosent samanlikna med det kommunane blei oppmoda om å ta i mot i 2016.

Det nasjonale utvalet for busetting har fastsett at det er behov for å busette om lag 12 500 flyktningar i 2017. Det tilsvarande tallet for 2016 var om lag 18 500. 

Eit nasjonalt utval fastset busettingsbehovet

Det er Nasjonalt utval for busetting som fastset behovet for å busette nykomne flyktningar for det komande året. Utvalet fordeler talet på flyktningar i kvart enkelt fylke. Utgangspunktet for fordelinga er folketalet i fylka, kvalifiseringstilbod, bustadmarknaden, kva erfaringar som er gjort i tidlegare busettingsarbeid, omsyn til flyktningens ønskje om bustad, i tillegg til moglegheiter for arbeid. Det nasjonale utvalet for busetting er leia av IMDi, og har representantar frå staten og frå kommunesektoren. 

Kommunane buset flyktningar

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) samarbeider med kommunane om busetting.   

Dei som blir busette er tidligare asylsøkarar som har fått opphald, og overføringsflyktningar som får opphald i Noreg etter avtale med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Overføringsflyktningar blir busette direkte i ein kommune når dei kjem til Noreg. Einslege mindreårige og familiar med barn er prioriterte grupper i busettingsarbeidet. Les meir på IMDi sine nettsider

Einslege, mindreårige flyktningar under 15 år

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkarar under 15 år som kjem til Noreg. Barna får eit bu- og omsorgstilbod i tilpassa omsorgssenter. Ved busetting av dei som har fått opphaldsløyve, har IMDi ansvaret for å skaffe kommuneplassar for alle einslege flyktningar under 18 år, også dei yngste.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), det vil seie direktoratets regionkontor, har ansvaret for den konkrete busettinga av dei som er under 15 år. Etatens overordna mål er å busette barna i rett kommune, med rett tiltak etter vedtak om opphald. Med dette meinast den kommunen som i størst mogleg grad tryggjer barnets omsorgs- og hjelpebehov, som tek omsyn til barnets slektsforhold og som er tilpassa barnets alder.

Integreringstilskot til kommunane

Kommunane mottar tilskot frå staten ved busetting av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag. I tillegg får kommunane tilskot for familiesameinte til desse gruppene. Det gjeld både dei som kjem til Noreg samstundes med hovudpersonen og dei som blir sameinte på eit seinare tidspunkt. Tilskota skal dekke dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har til busetting og integrering i busettingsåret og dei fire neste åra. 

Kommunar som tek i mot flyktningar som krev særskilt tilrettelegging og stor grad av oppfølging, til dømes på grunn av helse, uførleik, krigsskadar og liknande, kan søkja om ekstratilskot.

Satsar for tilskota fins på IMDis heimeside.