Bynatur: Nordisk eksempelsamling

Ny nordisk eksempelsamling syner korleis skape gode og berekraftige byområde med utgangspunkt i bynatur.

Bilde av Akerselva
Akerselva sin natur, historie og arkitektur gjer området til eit populært tur- og rekreasjonsområde. Biletet syner Lilleborg som er eit bustadområde med fleire eldre fabrikkbygningar. Foto: Ingvild Tjønneland.

Eksempelsamlinga er utarbeidd av Sveriges lantbruksuniversitet på oppdrag frå Nordisk ministerråd si arbeidsgruppe for berekraftige byar.

Nordiske land lærer om bynatur av hverandre

Det er stor likskap mellom dei nordiske landa når det gjeld samfunnsstruktur og urbane utfordringar. Landa har òg liknande klimatiske forhold.

Det gjev gode føresetnader for at landa kan lære av kvarandre og samarbeide om å utvikle innovative løysingar for levande, grøne og berekraftige byar og lokalsamfunn.

Berekraftig byutvikling med utgangspunkt i bynatur

Ei nordisk eksempelsamling skal bidra til å spreie erfaringar og auke kunnskapen mellom dei nordiske landa når det gjeld berekraftig byutvikling med utgangspunkt i bynatur.

Målet er å inspirere planleggjarar, arkitektar, forvaltarar, beslutningstakarar og politikarar i å arbeide med grøntområde i byar og tettstader.

15 inspirerande døme frå dei nordiske landa

Nordenkart
Her ligg dei ulike døma på korleis ein kan arbeide med grøntområde i byar og tettstader. Foto: Boverket

15 døme frå Danmark, Sverige, Finland, Island og Noreg syner korleis ein kan arbeide med grøntområde i byar og tettstader:  

Eksempelsamlinga er digitalt tilgjengeleg på Boverket i Sverige si heimeside

Kvart eksempel vert presentert med nykelord, fakta og lenker for meir informasjon. Eksemplane vert presenterte med ei omtale av plan og prosess, og formidlar viktige erfaringar som kan inspirere andre.

Eksempelsamlinga er utarbeidd av Sveriges lantbruksuniversitet (SLU) på oppdrag frå Nordisk ministerråd si arbeidsgruppe for berekraftige byar.

SLU har òg utarbeide rapporten Nordic Uban Green Space Survey, som ein del av arbeidet for arbeidsgruppa.

Bynatur er viktig

Grøntområda i byane har stor betydning for menneske si helse og livskvalitet. Dei er òg viktige forutsetningar for å skape eit robust bymiljø i eit klima i forandring.

Parkar og grøntområde kan bidra med fleire økosystemtenester, til dømes gjennom å regulere lokalklima, å ta hand om stormvatn, å reinse lufta frå luftforureining og å dempe støy.

Grøntområda utgjer òg viktige livsmiljø for vekstar og dyr – og for biologisk mangfald.

Kunnskap om bynatur si betydning og korleis ta vare på og integrere grøntområde i byutviklinga, er viktig for at vi skal kunne utvikle berekraftige byar og lokalsamfunn.

Nordisk ministerråd har oppretta ei arbeidsgruppe for berekraftige byar (Hållbara städer) som skal bidra til å auke erfaringsutbyttet og samarbeidet mellom dei nordiske landa når det gjeld berekraftig byutvikling. Arbeidsgruppa vert leia av Boverket i Sverige. Klima- og miljødepartementet deltek i arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa fokuserer på bynatur (stadsgrönska) i perioden 2019–2021 ut ifrå visjonen "Med stadsgrönska som premiss skapar vi en modell för världens mest attraktive städer".