Norsk formannskap i nordisk miljøministerråd i 2017

I 2017 har Noreg formannskapet i Nordisk Ministerråd (NMR) som er dei nordiske regjeringane sitt offisielle samarbeidsorgan. Klima og miljø er eit prioritert område.

Nordisk samarbeid er viktig: felles står vi sterkare enn kvar for oss. Dei nordiske landa delar mange interesser og verdiar – ikkje minst på klima- og miljøområdet. Saman kan vi finne betre løysingar og får større gjennomslag internasjonalt.

Påverke prosessane innanfor EU

Hovudfokuset for det nordiske miljøsamarbeidet er å påverke politiske vedtak og regelverksutforming i ulike internasjonale prosessar, samt samarbeide om oppfølginga av desse. Særleg viktig er det å påverke prosessane innanfor EU og i ulike internasjonale konvensjonar. Her bidreg dei nordiske landa med fagleg kunnskap og eit samla politisk press som i mange tilfelle har hatt betydeleg innflytelse på politikk og regelverksutviklinga.

I 2017 har Noreg formannskapet i Nordisk Ministerråd (NMR).  Medlemmene i NMR er dei fem nordiske landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. I tillegg er dei tre sjølvstyrte område Færøyane, Grønland og Åland representerte. NMR består av fleire ministerråd på dei ulike fagområda. I miljøministerrådet "MR-M" møter klima- og miljøminister Vidar Helgesen sine nordiske kollegaer (i mai og november 2017).

Som formannskapsland har Noreg tre prioriterte "spor" (sjå formannskapsprogrammet og UD sine temasider):

  1. "Norden i omstilling": Nordisk samarbeid styrkjer nordisk, grøn konkurransekraft
  2. "Norden i Europa": Norden treng eit sterkt Europa. Europa treng eit sterkt Norden
  3. "Norden i verda": Dei nordiske landa er strategiske partnarar i utanrikspolitikken

På klima- og miljøområdet jobbar vi vidare med det fleirårlege "Nordiske miljøhandlingsprogram 2013-2018".  Som ei oppfølging av dette programmet vil Noreg løfte fram tema som er relevante i forhold til dei norske prioriteringane.

Norske klima- og miljøprioriteringar

Den overordna  målsettinga for vårt formannskap er å styrkje Norden sitt evne til å møte moglegheitene og utfordringane vi står overfor på ein klima- og miljøvenlege måte:

"Norden i omstilling": Dette omfattar blant anna vår felles konkurransekraft og overgangen til lågutsleppssamfunnet som ein del av det "grøne skifte". Statsråd Helgesen inviterer sine nordiske kollegaer til å diskutere grøn konkurransekraft og eventuelle felles nordiske tiltak på MR-M-møtet i mai 2017. Connie Hedegaard som leia ekspertutvalet for grøn konkurransekraft saman med Idar Kreutzer, er invitert til møtet. Vi ønsker også et tett nordisk samarbeid om oppfølginga av Paris-avtalen.

"Norden i Europa": Under det norske formannskapet vil vi halde frem med å styrkje vårt samarbeid om Europapolitikk. Vi vil særleg løfte temaet "klima og transport": Kan Norden vere ein pådrivar når det gjeld å innføre europeiske utsleppskrav for tungtransporten? Eit anna viktig initiativ er å redusere marin forsøpling og mikroplast gjennom bl.a. felles innspel til EUs plaststrategi og eit eiget formannskapsprosjekt om "Hav og blå bioøkonomi" (sjå nedanfor).

"Norden i verden»: Her skal vi vidareutvikle det utanrikspolitiske samarbeidet for å møte dei store globale utfordringane på klima- og miljøområdet. Innan vårt initiativet for å redusere marin forsøpling og mikroplast skal Norden mellom anna spele inn til det vidare arbeidet i FNs miljøprogram UNEP og den kommende miljøforsamlinga (UNEA-3). UNEP-sjefen, den tidlegare norske miljøvernministaren Erik Solheim, er invitert til MR-M-møtet.

Norske formannskapsprosjekt

Noreg har også fleire "formannskapsprosjekt". I to av dei er miljø eit viktig tema:

"Hav og blå bioøkonomi" (som KLD koordinerer saman med Nærings- og fiskeridepartementet): Prosjektet skal bl.a. vurdere konsekvensane av plastavfall/mikroplast for dei blå bionæringane og skaffe meir kunnskap om kva dei marine økosystema betyr for lagring av drivhusgassen karbon.

"Attraktive nordiske byer" er eit prosjekt som Kommunal- og moderiniseringsdepartementet koordinerer saman med KLD og Helse- og omsorgsdepartementet. Målet er bl.a. å utvikle ein felles nordisk strategi for eit godt bymiljø i samarbeid med eit utval av nordiske byar.

 All informasjon om norsk formannskap (frå alle departement) finn du på UD sine temasider.