Kva er måla for klima- og skogsatsinga?

Her finn du meir informasjon om kva mål Stortinget har fastsett for Noreg si internasjonale klima- og skogsatsing (regnskogsatsinga).

Teksten under er delvis utdrag frå Klima- og miljødepartementet sitt budsjett for 2016. Du kan lese heile dokumentet Prop. 1 S (2015-2016) her.

Innhald:
Stortinget sine mål for Noreg si internasjonale klima- og skogsatsing
Arbeidet for 2016
Overordna strategi for klima- og skogsatsinga

Mål for klima- og skogsatsinga

Måla for klima- og skogsatsinga er fastsette av Stortinget. Frå opprettinga av klima- og skogsatsinga i 2008 til 2015 var måla for klima- og skogsatsinga:

1. «Å bidra til at utslipp fra avskoging og skogforringelse i utviklingsland (REDD+) omfattes av en ny klimaavtale» (bl.a. formulert i Meld. St. 21 (2011 – 2012).

2. Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

3. Å medverke til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

På klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 vart eit rammeverk for reduserte utslepp frå avskoging og skogforringing vedteke. Frå 2016 er difor det første delmålet for satsinga endra til:

1. Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering.

Måla for klima- og skogsatsinga skal medverke til utviklingspolitikkens overordna mål om fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling, og klimapolitikkens mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig to grader.

Arbeidet i 2016

Det er avgjerande at klimaregimet som vart etablert i Paris blir eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering. Regjeringa vil framover arbeide for å sikre storskala, føreseieleg og langsiktig finansiering til betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar basert på semja om REDD+. Samtidig vil regjeringa arbeide aktivt med tropiske skogland, privat sektor, det sivile samfunn og urfolksorganisasjonar for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog og torvmyr, parallelt med tiltak for å fremje «avskogingsfrie forsyningskjeder» for råvarer som kan forårsake avskoging.

Privat sektor har vist seg som ein viktig aktør i arbeidet mot avskoging. Difor prioriterer regjeringa involvering av, og samarbeid med, privat sektor. Skal arbeidet for å unngå avskoging og degradering av skog lykkast, er det ein føresetnad at tiltak for vern av skog blir kombinert med tiltak som gjer at meir mat, fôr, energi og fiber blir produsert på allereie etablert jordbruksland eller andre allereie avskoga område. For å oppnå dette i land der investeringsklimaet ofte er krevjande vil tett offentleg-privat partnarskap vere ein føresetnad. Dette vil krevje nye samarbeidsformer.

Gjennom New York Declaration on Forests, inngått hausten 2014, og Lima Challenge, inngått vinteren 2015, har både skogland, donorland og ei rekkje aktørar innan privat sektor forplikta seg til arbeidet mot avskoging. I 2015 har Noreg vore med på å forhandle fram FNs nye, globale berekraftsmål. Eitt av berekraftsmåla er at verdas skogar skal forvaltast på ein berekraftig måte og at avskoging skal stoppe heilt innan 2020. I 2020 skal også degraderte skogar vere restaurerte. I tillegg skal arbeidet med påskoging ha auka betrakteleg. Alle desse internasjonale initiativa styrkjer klima- og skogsatsinga sin strategi for å redusere utslepp gjennom skogbevaring.

Sivilsamfunnet er viktige aktørar i arbeidet for redusert avskoging. I 2016 starta ein ny periode for tilskotsavtaler med sivile samfunnsaktørar under klima- og skogsatsinga. Følgjande område har vore prioriterte i samansetjing av porteføljen: urfolks og andre skogfolks deltaking og rettar, avskogingsfrie forsyningskjeder i næringslivet, handheving av regelverk for skogforvaltning og å etablere internasjonal konsensus om eit nytt klimaregime. Oslo REDD Exchange vart arrangert for tredje gong 14. og 15.juni 2016. På konferansen møttest aktørar frå det sivile samfunn, myndigheiter og privat sektor og delar og diskuterer erfaringar og kunnskap om REDD+.

Kunnskap om REDD+ i både skogland og donorland er ein føresetnad for å nå klima- og skogsatsinga sine mål. Kunnskap gir grunnlag for gode avgjerder og gir legitimitet i befolkninga både i skogland og givarland. I tråd med tilrådinga i følgjeevalueringa av klima- og skogsatsinga som kom i 2014 er kunnskapsformidling prioritert i 2016. Det blir sett av midlar innanfor klima- og skogsatsinga til å utvikle og å spreie kunnskap om REDD+.

Klima- og skogsatsinga samarbeider med land som inneber stor risiko. Fleire av skoglanda har utfordringar når det gjeld styresett og betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt satsinga arbeider med. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå meir i Prop. 1 S for Utanriksdepartementet.

Overordna endringsteori og strategi

I Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk klimapolitikk sluttar regjeringa seg til FNs strategi og mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig to grader. Dette krev både kortsiktige og langsiktige kutt i utslepp av CO2. Redusert avskoging er avgjerande for å redusere utslepp raskt, og dermed å nå togradersmålet på sikt.

Ei underliggjande og avgjerande årsak til den raske avskoginga vi har sett, og framleis ser, er ein grunnleggjande marknadssvikt. Marknadssvikten inneber at skogane sin faktiske verdi for samfunnet ikkje blir reflektert i den verdi marknadene tillegg dei. Enkelt sagt er ein skog «verdt meir død enn levande»: Det er oftast meir å tene på å omgjere skogen til beiteland, plantasjar eller tømmer, enn det er på å bevare intakt eller berekraftig forvalta skog. Med mindre det blir teke kraftfulle grep, vil denne tendensen styrkjast i åra framover. Behovet for økt råvareproduksjon kommer av økt global etterspørsel etter mat, fôr, fiber og energi.

I tillegg til denne marknadssvikten, er det i mange land òg ein betydeleg styringssvikt. Styringssvikt betyr blant anna at forvaltninga av skog, og andre naturressursar, ofte favoriserer sterke enkeltgrupper sine interesser framfor aktuelle lokalsamfunn eller fellesskapet sine interesser. Eit av hovudproblema bak den globale avskoginga er med andre ord den eksisterande insentivstrukturen som påverkar dei relevante aktørane i skoglanda - styresmakter, næringsaktørar og menneske som lever i og av skogen.

Dei grunnleggjande grepa for å endre økonomien og politikken i retning av redusert avskoging må takast av nasjonale styresmakter i tropiske skogland, og dei må sjølve vurdere kva som er dei mest føremålstenlege tiltaka for å oppnå dette. Deira og andre aktørar sine insentiv til å ta slike grep kan ta fleire former:

  • Ei auka forståing av landa sin eigennytte av ei betra skogforvaltning

  • Finansielle insentiv, for eksempel betaling for verifiserte reduksjonar i klimagassutslepp frå avskoging og skogdegradering

  • Etterspørsel frå marknaden etter råvarer produsert utan avskoging

  • Vilje frå private aktørar til å investere i modernisering og produktivitetsauke i jordbruket i land som også beskyttar skog og torvmyr

  • Press for betre skogforvaltning frå eiga befolkning

Klima- og skogsatsinga rettar innsatsen mot å endre insentivstrukturen til ulike aktørar, og etablere nye samarbeidsmønster som gjer at alle partar i fellesskap kan endre si åtferd og medverkar til å hindre avskoging samtidig som dei fremjar sine eigne interesser.

Måla for klima- og skogsatsinga skal medverke til utviklingspolitikkens overordna mål om fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling, og klimapolitikkens mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig to grader. Det strategiske rammeverket i figuren viser kva område klima- og skogsatsinga rettar innsatsen mot for å nå måla for satsinga.

Dei overordna måla kan berre nåast gjennom eit effektivt globalt klimaregime. Innsatsen i klima- og skogsatsinga har som mål å leggje til rette for dette. Føresetnader for å nå dei overordna måla er at eit slikt klimaregime inkluderer langsiktig og føreseieleg finansiering for skoglanda, og mekanismar for å sikre bl.a. betra styresett og demokratisk deltaking i landa, og at privat sektor medverkar til verdiskaping basert på god skog- og arealforvaltning.

Eit globalt klimaregime vil vere eit godt utgangpunkt for å oppnå resultat gjennom samarbeid på landnivå. For at klima- og skogsatsingas partnarskap skal gi resultat må det vere vilje til endring hos det politiske leiarskapet i landet. Partnarlanda er ulike og innanfor rammene av Klima- og skogsatsingas overordna strategi blir det utvikla meir detaljerte endringsteoriar for kvart enkelt land/prosjekt.

Mange skogland er i dag ikkje klare til å levere og rapportere resultat i form av målte og verifiserte reduserte utslepp frå skog. Klima- og skogsatsinga rettar derfor betydeleg innsats mot å støtte prosessar som vil leggje til rette for utsleppsreduksjonar og leggje grunnlaget for auka finansiering og vedvarande redusert avskoging. I praksis inneber dette bl.a. å etablere skogovervakingssystem, vedta REDD+-planar og lovverk og å opprette institusjonar for implementering. Deltaking frå skogavhengige folkegrupper og sivilsamfunnet elles er avgjerande.

God skog- og arealforvaltning medverkar til berekraftig utvikling. Urfolk og andre skogfolk har gjennom hundreår forvalta skogen på ein berekraftig måte. Urfolk og andre skogfolk sin rett til å eige og forvalte sine område, og deira deltaking i avgjerdsprosessar kan medverke til berekraftig utvikling i mange skogområde. Sivilsamfunnet kan òg ha ein kontrollfunksjon overfor styresmakter og privat sektor. For å styrkje sivilsamfunnet sitt høve til å ivareta denne funksjonen arbeider klima- og skogsatsinga for transparente og deltakande avgjerdsprosessar.

Eit privat næringsliv som medverkar til at råvarer blir produserte på ein berekraftig måte og utan å føre til avskoging er avgjerande. Klima- og skogsatsinga arbeider for at privat sektor skal etablere avskogingsfrie forsyningskjeder, og at den skal satse på berekraftig produksjon av råvarer.

 

Mer detaljert beskrivelse finner du i Prp. 1S (2015-2016) under programkategori 1270 - Internasjonalt klimaarbeid.