Klage på Riksantikvaren sitt vedtak etter kulturminnelova paragraf 8 første ledd- Hesby kyrkje, Finnøy kommune, Rogaland

Miljøverndepartementet har stadfesta vedtaket frå Riksantikvaren om ikkje å tillate installering av automatisk ringjeanlegg i Hesby Kyrkje på Finnøy i Rogaland. Kyrkja er frå 1100-talet, og klokkene på loftet er frå slutten av 1600- og midten av 1700-talet. Det er sannsynleg at desse klokkene ligg i klokkestolar frå midten av 1700-talet. Finnøy kyrkjelege fellesråd klaga på avslaget frå Riksantikvaren fordi man ønskjer å betre forholda for dei som skal ringje med klokkene. Miljøverndepartementet meiner at det er viktigare å bevare kyrkja som eit verdifullt kulturminne med dei gamle klokkene bevarte i klokkestolane, enn at dei blir bygde om. Departementet stadfester vedtak frå Riksantikvaren.

Miljøverndepartementet viser til brevet av 24.9.2010 med klage på Riksantikvaren sitt vedtak av 6.8.2009 om ikkje å tillate å montere automatisk ringjeanlegg og endre den gamle klokkestolen i Hesby kyrkje, Finnøy kommune, Rogaland.

Etter ei samla vurdering av saka har departementet lagt avgjerande vekt på at ringjeanlegget er ein godt bevart og integrert del av eit viktig kulturminne. Det er særs viktig at kyrkja blir tatt vare på som eit heilskapeleg kulturminne.

Departementet opprettheld Riksantikvaren sitt vedtak.

Bakgrunn

Finnøy kyrkjelege fellesråd søkte i brev av 24.10.2008 Riksantikvaren om å få setje inn eit automatisk ringjeanlegg i Hesby kyrkje. Kyrkja har ikkje kyrkjetenar og ein er avhengig av frivillige for å ringje med klokkene. Mange kvir seg for å ta på seg dette, fordi dei finn det vanskeleg grunna den trange stigen til loftet. Dersom ein set inn eit automatisk anlegg, blir det lettare å få frivillige til å ta på seg denne tenesta. Hesby kyrkje har to klokker i treakslar. Den eine er frå 1695, den andre frå 1746. I eit automatisk anlegg vil dei måtte få nye akslar i metall og nye kolbar.

I medhald av lov om kulturminne av 9. juni 1978 (kml.) § 8 første ledd, fatta Riksantikvaren 6.8.2009 vedtak om å ikkje å tillate det omsøkte tiltaket. Riksantikvaren tillèt likevel at det blir installert ein ny klokkestol med nye klokker og automatisk ringjeanlegg på loftet i kyrkja.

Finnøy kyrkjelege fellesråd påklaga i brev av 24.9.2009 Riksantikvaren sitt vedtak . Klaga er send innanfor klagefristen i kml. § 8 første ledd.

Riksantikvaren har vurdert klaga og send ho til behandling i Miljøverndepartementet ved brev av 12.8.2010. Riksantikvaren opprettheld vedtaket sitt av 6.8.2009.

Klagaren har motteke, men ikkje kommentert oversendingsbrevet frå Riksantikvarens. 

Miljøverndepartementet var på synfaring i Hesby kyrkje den 12.11.2010, saman med ein representant frå Riksantikvaren, representantar frå kyrkjelyden og Finnøy kyrkjelege fellesråd.

Klagaren sine føringar jf. brev av 24.9.2009

Hesby sokneråd og Finnøy kyrkjelege fellesråd klagar på avgjerda frå Riksantikvaren. Bakgrunnen for klaga er at eit automatisk ringjeanlegg vil gjere det lettare å skaffe personale til kyrkja. Mange kvir seg for å ringje med klokkene. Særleg kiming, som må gjerast på loftet, er vanskeleg. Tilgjenge til loftet går via ein stige bak kyrkjeorgelet. I klaga kjem det fram at man ønskjer å skape gode og praktiske arbeidstilhøve for både dei frivillige og dei tilsette i kyrkja.
Ein automatisk ringjemaskin inneber ein stor kostnad, og ein finn det urimeleg å måtte kjøpe nye klokker og ny klokkestol for å kunne få automatisk ringing. Det blir opplyst frå Olsen Nauen klokkestøyperi at klokkene får ein røffare behandling av ein person som ikkje er van med å ringje med klokker, enn av eit automatisk anlegg. Montering av automatisk anlegg krev ikkje at klokkestolen må byggjast om, men klokkene må ha nye akslar. Dei gamle akslane kan man hengje opp i kyrkja.
I klaga blir det peika på at mange gamle kyrkjer har automatiske ringjeanlegg. Finnøy kyrkjelege fellesråd er kjend med at det i nokre kyrkjer ikkje er søkt om løyve før anlegget blei montert. Kyrkjeloftet på Hesby kyrkje er vanskeleg tilgjengeleg, og berre eit fåtal personar får sjå klokkene. Det er naudsynt å leggje forholda praktisk til rette for dei som skal bruke og arbeide i kyrkja.

Riksantikvaren sine merknader jf. brev av 12.8.2010

Riksantikvaren har vore i kontakt med bispekontora for å lage ein oversikt over kor mange mellomalderkyrkjer som har manuell ringing.  Tala viser at om lag 40 prosent framleis har dette. Riksantikvaren meiner at om lag 20 prosent av mellomalderkyrkjene har klokkestolar frå tidleg på 1800-talet eller tidlegare, som ikkje er ombygde til automatiske ringjeanlegg. Det er derfor særs viktig å ta vare på dei som er att.
 
Riksantikvaren er kjend med kor vanskeleg det er å ta seg opp til klokkene på loftet i Hesby kyrkje. Derfor har Riksantikvaren gitt løyve til å montere ein ny klokkestol med ei eller fleire klokker på kyrkjeloftet. Fordi montering av nye klokker og klokkestolar vil innebere ein stor kostnad, kan ei mellomløysing vere å behalde den manuelle ringinga og skaffe ein mindre stol med ei klokke til automatisk kiming. Riksantikvaren meiner at i tilfelle som Hesby kyrkje, er kulturminneverdiane så store at ein må ta høgde for meirkostnader.
 
Riksantikvaren meiner det ikkje er grunn til å ta omsyn til at andre kyrkjer ikkje har overhalde plikta til å søke om løyve for å gjere endringar i klokkene og tårnmiljøet, jf. kulturminnelova § 8 fyrste ledd. Argumenta  frå klagaren om at få personar kan oppleve klokkene og klokkestolen, kan ikkje tilleggast stor vekt, då klokkene er ein viktig del av kyrkjene og har stor kulturminneverdi når dei, som i Hesby kyrkje, er gamle og godt bevarde.  Kjeldeverdien og kunnskapsverdien knytt til klokkene og tårnmiljøet er store sjølv om dei er vanskeleg tilgjengelege.

Riksantikvaren held fast på vedtaket om å avslå søknaden om å få montere automatisk ringing og endre den gamle klokkestolen i Hesby kyrkje, jf. kulturminnelovas § 8 fyrste ledd.  

Departementet sine merknader

I kraft av alder og informasjonsverdi er automatisk freda kulturminne dei viktigaste kjeldene til landets tidlegaste historie. Utan særskilt løyve er det ikkje lov å setje i gang tiltak som vil kunne virke inn på eit automatisk freda kulturminne, jf. kml. §§ 3 og 8.

Hesby kyrkje er ei murkyrkje frå 1100-talet og er såleis automatisk freda etter lov om kulturminne av 9. juni 1978 nr. 50 § 4 fyrste ledd bokstav a. Kyrkja har to klokker frå 1695 og 1746. Riksantikvaren antar at klokkestolane blei bygde då klokkene vart monterte. Med utgangspunkt i den nyaste klokka, er det dermed grunn til å tru at klokkestolen er frå midten av 1700-talet. Fast inventar reknas som del av mellomalderkyrkja sjølv om inventaret  er frå etter reformasjonen. Dei to klokkestolane er difor også automatisk freda.
 
Under synfaringa fekk departementet opplyst at det er frivillige som utfører ringinga i Hesby kyrkje, og forsamlinga ønskjer å betre arbeidstilhøva for både dei tilsette og dei frivillige som ringjer og kimer med klokkene. Derfor ønskjer ein å installere eit automatisk ringjeanlegg. Slik Miljøverndepartementet oppfattar situasjonen, er det særleg kiminga som byr på utfordringar då man må klatre opp på loftet for å kunne kime med klokkene. Den vanlege ringinga kan gjerast nede i kyrkjerommet.

Miljøverndepartementet meiner at Hesby kyrkje er eit viktig kulturminne, og at det er særs viktig å bevare kyrkja så intakt som rå er. Riksantikvaren viser i brevet av 12.8.2010 at ein stor del av mellomalderkyrkjene har automatiske ringjeanlegg. Under synfaringa i Hesby kyrkje kom det fram at det ikkje vil vere mogleg å kime med det automatiske anlegget som man ønskjer å installere i Hesby kyrkje. Det vil derfor framleis være naudsynt å klatre opp på loftet for å kime med klokkene. Vi kan ikkje sjå at det å måtte ringje frå galleriet er så vanskeleg at det forsvarar å demontere dei gamle klokkene, særleg sett i lys av at Hesby kyrkje er ei av omkring 20 prosent av mellomalderkyrkjene som framleis har bevart det gamle klokkeanlegget.

For å betre arbeidstilhøva for dei tilsette og dei frivillige, viser departementet til at Riksantikvaren har gitt løyve til å montere ein ny klokkestol med ei ny klokke til automatisk kiming på loftet, samstundes som den manuelle ringinga fortsetter. Dette kan sikre arbeidstilhøva for dei tilsette og dei frivillige, legg til rette for å halde fram med ringjetradisjonane i kyrkja og sikrar dei store kulturminneverdiane Hesby kyrkje med eit komplett og godt bevart ringjeanlegg frå 17-1800 talet innehar.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har på bakgrunn av ei heilskapeleg vurdering funne at det ikkje er grunnlag for å omgjere Riksantikvaren sitt vedtak av 6.8.2009 om ikkje å tillate å demontere dei gamle klokkene og montere eit nytt automatisk ringjeanlegg i Hesby kyrkje i Finnøy kommune etter kml. § 8 første ledd.

Klagen blir ikkje tatt til følgje.


Med helsing


Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

 Ivar Aarrestad
 rådgiver


Kopi:
Riksantikvaren