Klage på vedtaket om dispensasjon frå kulturminnelova - nytt samdriftsfjøs ved Hove middelalderkyrkje, Vik kommune

Saken gjeld klage på Riksantikvaren sitt vedtak om å tillate oppføring av nytt samdriftsfjøs nær Hove middelalderkyrkje i Vik kommune. Riksantikvaren har vege hensynet til kyrkja opp mot andre tungtvegande samfunnsinteresser, landbruksdrift. Etter ei samla vurdering aksepterer derfor Riksantikvaren at eit nytt samdriftsfjøs blir bygd på denne plassen, men at det blir sett ein del vilkår for å minimere dei visuelle skadeverknadane på middelalderkyrkja. Departementet meiner at endå et samdriftsfjøs i nærleiken til Hove kyrkje er på grensa av kva dette området toler av nye, store inngrep. Departementet har imidlertid under sterk tvil kome til at vi ikkje vil overprøve Riksantikvaren si faglege skjønnsutøving i denne saka. Departementet meiner derfor at Riksantikvaren sitt vedtak må oppretthaldast. Det er ei klar føresetnad for departementet si avgjerd at dei vilkåra Riksantikvaren har sett, blir følgde nøye opp.

Klima- og miljødepartementet har fått klagen frå Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane på vedtaket fatta av Riksantikvaren 06.07.17 til sluttbehandling. Riksantikvaren gav løyve til å sette opp eit nytt samdriftsfjøs nær den automatisk freda Hove steinkyrkje i Vik kommune, jf kulturminnelova § 8 første ledd. Hove steinkyrkje er frå slutten av 1100-talet og er den eldste steinkyrkja i Sogn.

Konklusjon

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle momenta i saka og har, etter ei samla vurdering, kome fram til at vedtaket om løyve frå Riksantikvaren til å føre opp eit samdriftsfjøs, blir oppretthalde. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre feil i lovbruken, saksbehandlinga eller andre feil som kan ha hatt verknad for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova § 41.

Klagen tas ikkje til følgje.

For å få saka best mogleg opplyst, inviterte departementet til synfaring 08.02.18. Alle dei berørte partane deltok på synfaringa.

Bakgrunn

Pridla Samdriftsfjøs DA har søkt om å få byggje eit samdriftsfjøs på nesten 1400 m2 grunnflate. Pridla Samdriftsfjøs DA består av tre grunneigarar og ein som forpaktar areal.
Etter planen vil fjøset stå 158 m aust for kyrjkegardsmuren ved Hove steinkyrkje. Samdriftsfjøset vil liggje godt synleg frå middelalderkyrkja.

Tidlegare er det bygd eit samdriftsfjøs vest for den aktuelle tomten, mellom kyrkja og det planlagte, nye fjøset. Dette fjøset blei bygd i 2005, og det blei brukt 700 000 kroner frå Riksantikvaren og nokre middel frå Vik kommune for å tilpasse bygget mest mogleg til landskapet og dempe inntrykket av det. Bygget blei senka i terrenget, plasseringa blei justert, breidda og overflatene blei tilpassa omgjevnadane, og terrenget blei heva mot kyrkja. Det nye samdriftsfjøset vil liggje omtrent vinkelrett i høve til det eksisterande fjøset.

Riksantikvaren har gjeve tillatelse til tiltaket under føresetnad av at fjøset blir plassert litt lengre aust på tomta. På den måten blir eit belte på 10 m frigjort for treplanting for å skjerme mot kyrkja. Takflata skal vere matt, og fjøset skal ha veggar i mørkgrå fasadeelementar og med gavltrekant.

Hove steinkyrkje er ei middelalderkyrkje som var bygd kring 1170. Ho er dermed den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja var trua av nedriving etter at det blei bygd ei ny kyrkje i Vik i 1877, men ho blei redda av Fortidsminneforeininga og arkitekt Peter A. Blix, som kjøpte og restaurerte kyrkja i 1880-åra. I dag er det staten ved Riksantikvaren, som eig kyrkja. Fortidsminneforeininga forvaltar ho.

Kyrkja og kyrkjegarden har svært høg kulturminneverdi, både som enkeltobjekt og som landskapselement. Ho er truleg bygd som gardskyrkje for garden Hove. Den vesle steinkyrkja på omtrent 170 m2 er bygd med eineståande materiale og handverksteknikkar. Kyrkja ligg på ei litan høgde på eit platå i det opne jordbrukslandskapet med gardstun rundt, slik at den markerer seg i omgjevnadane, og med ein grøn ås som eit naturleg bakteppe mot søraust.

I følgje kulturminnelova § 3 er tiltak som skjemmer eit automatisk freda kulturminne på utilbørleg måte eller framkallar fare for at det kan skje, forbode. Det må derfor søkast om løyve frå Riksantikvaren, jf kulturminnelova § 8.

Klagaren sine merknadar, jf brevet av 16.08.2017

I brev av 16.08.17 klagar Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane, heretter kalla klagaren, på vedtaket frå Riksantikvarens om dispensasjon frå kulturminnelova.
Klagaren saknar eit større kulturminnefagleg engasjement frå dei lokale myndigheitene og stiller spørsmål ved om Riksantikvaren har gått inn i reelle drøftingar og sett krav om endringar i prosessen som kunne gjeve eit forsvarleg utfall i denne saka.

Klagaren viser til at då saka med det eksisterande fjøset blei behandla i 2005, blei det gjort eit omfattende arbeid for å dempe opplevingane av nybygget. Mellom anna gikk Vik kommune inn med middel til ein arkitekt for å løyse desse utfordringane. Klagaren peiker på at Riksantikvaren sjølv skriv i brevet sitt at det nye fjøset vil vere svært synleg og skjemmande sett frå mellomalderkyrkjestaden og i det opne landskapet. Klagaren stiller seg spørjande til Riksantikvaren si vektlegging av dei landbrukspolitiske føringane for å gje dispensasjon.

Fortidsminneforeninga stiller spørsmål ved den landbrukspolitiske argumentasjonen som Riksantikvaren framfører, om at samdriftsfjøs er nødvendig for drifta for å unngå nedlegging. Foreninga viser også til at det nye samdriftsfjøset blir plassert langt vekk frå to av bruka og at ei alternativ plassering av samdriftsfjøset ikkje har vore grundig nok utreda. Det er ein god del eldre bygningsmasse på Hove gard som snart må rivast. Hove gard inngår i samdrifta og ligg inntil der det nye samdriftsfjøset er tenkt plassert. Det har ikkje vore sett på kva for moglegheiter desse areale kunne gi med omsyn til plassering av nytt samdriftsfjøs. Klagaren meiner Riksantikvaren i liten grad har etterprøvd påstandane om alternative areal og ikkje minst sanering av den eksisterande bygningsmassa for to av nabobruka som begge går inn i samdrifta.

Klagaren er av den oppfatninga at dei vilkåra Riksantikvaren har stilt, ikkje vil virke avbøtande i tilstrekkeleg grad for å kunne hindre utilbørleg skjemming av Hove kyrkje. Både farge- og materialvalet og leplantinga langs fjøset vil, etter klagaren sitt syn, ikkje hindre ei visuell forringing av kulturlandskapet som dannar konteksten til mellomalderkyrkja. Tvert i mot meiner klagaren at leplantinga vil vere eit brot med det opne jordbrukslandskapet, som i dag pregar området. Klagaren meiner at samdriftsfjøset vil framstå som eit industribygg som i stor grad vil gjere innsatsen som vart gjort med tilpassinga av det eksisterande fjøset, fånyttes. Klagaren peiker vidare på dei sidene av saka som Riksantikvaren ikkje har vurdert, som til dømes driftsforma som følgjer av eit fjøs av slike dimensjonar. Ei slik drift vil medføre mykje køyring til og frå driftsbygninga, støy og avfall, lagring av rundballar og gjødsel, lufteområde for dyra og vegar.

Klagaren viser til at Riksantikvaren sjølv skriv i vedtaket at den lille mellomalderkyrka er spesielt sårbar for moderne tiltak, som gjerne har ein helt annan skala. Samdriftsfjøs har ei industriell produksjonsform som er svært arealkrevjande. Klagaren peiker på at Riksantikvaren i vedtaket sitt registrerer at grensene for kva den lille middelalderkyrkja kan tole av moderne tiltak, er overskride, men tar det likevel ikkje til følgje når dispensasjonsvedtaket blir fatta. Klagaren meiner at det må gjerast ein langt større innsats for å finne ei alternativ plassering av fjøset.

Klagaren viser til ein artikkel av Riksantikvaren i publikasjonen Store nye landbruksbygg (Nordisk ministerråd) hvor det framgår at "Fellesfjøset i Vik vil derfor kunne fungere som et referanseprosjekt og kan forhåpentligvis brukes som et eksempel og en motvekt til bygging av løsdriftsfjøls som i svært stor grad kun er styrt av økonomi, produksjonslinjer og praktiske hensyn.". Klagaren etterlyser ein innsats frå dei offentlege myndigheitene for å motvirke at nettopp dette skjer i nær tilknyting til ei av våre best bevarte mellomalderkyrkjer i romansk stil.

Klagaren sine tilleggsopplysningar i brevet av 21.09.2017

I eit supplerande brev utdyper klagaren ei alternativ plassering og landbruksmessige føringar Klagaren viser til at andre alternative plasseringar er mangelfult utreda og meiner at dette ikkje er klagarens oppgåve å utrede. Klagaren stiller spørsmål ved om Riksantikvaren har etterprøvd påstanden om at ingen av bruka som inngår i samdrifta, har tilgang på anna eigna grunn til fjøset.

Klagaren peiker på at dei landbruksmessige føringane som Riksantikvaren argumenterer med, inngår som eitt av fire overordna mål for norsk landbrukspolitikk. Klagaren framhever målet om å ta vare på eit variert kulturlandskap og jordvern og at desse måla også må leggjast til grunn, ikkje bare auka verdiskaping og landbruk over heile landet.
Klagaren viser også til at den midlertidige fredinga av området rundt Hove kyrkje blei oppheva av Riksantikvaren 25.11.2014. Då viste Riksantikvaren til at formålet med reguleringsplanen mellom anna er å sikre og framheve kulturminneverdiane i eit område med aktivt landbruk og å leggje til rette for allmenn ferdsel på gode gangvegar og turveigar. I brevet gjer Riksantikvaren merksom på at nye tiltak i eller utanfor regulert område, som kan vere utilbørleg skjemmande for Hove kyrkje, ikkje er tillate.

Riksantikvaren sine merknadar av 02.10.2017

Riksantikvaren erkjenner at størrelsen på og plasseringa av det nye samdriftsfjøset vil bli utilbørleg skjemmande for for den automatisk freda kyrkja, jf kulturminnelova § 3. Riksantikvaren peiker på at fjøset vil framstå som ein monoton, lang flate, som bryt landskapet i bakgrunnen til kyrkja. Men Riksantikvaren meiner imidlertid at slike fjøs er eit svar på nasjonale landbrukspolitiske føringar og insentiv og at dette kan vere eit spørsmål om fortsatt drift eller nedlegging.

Vidare viser Riksantikvaren til at dei har vurdert dei tomtealternativa som har vore oppe fra kommunen og grunneigarane si side. Utover dette har ikkje Riksantikvaren moglegheit for å foreta makebytte, grensejusteringar eller kjøp av annan grunn eller på anna vis diktere bruken av grunneigarane sitt areal. Dei viser også til at det alternativet der fjøset blir snudd 90 gradar og orientert aust-vest, slik som det eksisterande samdriftsfjøset, vil føre til at fjøset blir liggjande tett inntil gardsbygningane til ein av dei som inngår i samdrifta. I samband med det, viser dei også til at ei slik løysing vil bryte brannkravet til ein avstand på åtte meter mellom bygningar, jf forskrift om tekniske krav til byggverk.

Riksantikvaren er lite nøgd med prosessen i denne saka og med at dei ikkje har blitt trekt med tidligere i prosessen. Dette gjeld særleg sidan Riksantikvaren tidlegere har vore tungt inne i planlegginga av eit samdriftsfjøs frå 2005. Det meste i dette prosjektet har vore avgjort og låst i avtalar og vilkår før Riksantikvaren fekk saka til behandling. Riksantikvaren varsla også Vik kommune i ein e-post 06.12.2016, då den aktuelle tomten for det nye fjøset blei fradele, og unnderretta om at eit nytt byggjeprosjekt måtte behandlast etter § 8 i kulturminnelova.

Riksantikvaren deler Fortidsminneforeninga sitt syn om at vilkåra som er stilte i vedtaksbrevet, ikkje fullt ut er avbøtande for å hindre utilbørleg skjemming av Hove steinkyrkje og kjyrka sine omgjevnader. Riksantikvaren viser til at dette er ei særs vanskeleg konfliktsak med tunge, motstridande interesser. Dersom det hadde vore andre, reelle tomtealternativ, måtte landbruksinteressene ha vike slik at ein fann ei anna plassering av samdriftsfjøset. Etter å ha vurdert alternativa finn ikkje Riksantikvaren at slike reelle tomtealternativ finnast. Riksantikvaren har vege hensynet til kyrkja opp mot andre tungtvegande samfunnsinteresser, landbruksdrift. Etter ei samla vurdering aksepterer derfor Riksantikvaren at eit nytt samdriftsfjøs blir bygd på denne plassen, men at det blir sett ein del vilkår for å minimere dei visuelle skadeverknadane på middelalderkyrkja.

Klima- og miljødepartementet sine merknadar

Tiltaket som gjeld etablering av eit nytt samdriftsfjøs nær den automatisk freda Hove steinkyrkje, er i utgangspunktet ikkje tillate da det er i strid med kulturminnelova § 3 om forbod mot tiltak som er eigna til å skjemme automatisk freda kulturminne utilbørleg. Tiltaket krev derfor løyve etter kulturminnelova § 8 første ledd.

Departementet meiner det er uheldig at Riksantikvaren ikkje har blitt trekt inn i prosessen før heile samdriftsfjøset var nesten ferdigprosjektert. Dersom Riksantikvaren hadde kunna delta meir aktivt undervegs i planlegginga, kunne utfallet ha vore annleis og blitt meir tilpassa, med grundigare vurderingar av ei alternativ plassering, utforming og avbøtande tiltak.
Som ei følgje av at Riksantikvaren ikkje har blitt involvert tidligare i saka, sit departementet igjen med eit inntrykk av at Pridla Samdriftsfjøs og Vik kommune ikkje godt nok har drøfta moglegheitane for ei alternativ plassering som er mindre skjemmande for middelalderkyrkja. To av brukarane som inngår i Pridla Samdriftsfjøs, har gardene sine fleire kilometer frå det omsøkte samdriftsfjøset. Uansett plassering av samdriftsfjøset på denne tomta, vil ein måtte rekna med ein god del transport.

Plasseringa og materialbruken har blitt noko endra etter Riksantikvaren sine anbefalingar. Sidan kulturminnemyndigheiten ikkje har deltatt i den første delen av prosessen, har dei avbøtende tiltaka blitt begrensa til ei tilpassing av den valgde plasseringa. Løyvet frå Riksantikvaren set mellom anna vilkår om ein vegetasjonsskjerm mellom det nye samdriftsfjøset og kyrkja. Departementet er i tvil om dette er tilstrekkeleg til å skape den visuelle skjerminga ein ønsker. Departementet er også i tvil om ein slik levegg vil virke som eit framandelement i dette landskapsrommet. Departementet deler oppfatninga til klagaren og Riksantikvaren om at samdriftsfjøset først og fremst har karakter av eit industribygg. Dersom vilkåra om ein plan for vegetasjonsplanting blir fylgd nøye opp på ein kvalitetsmessig god måte, meiner departementet at vegetasjonen vil kunne bidra til at det visuelle inntrykket av samdriftsfjøset blir noko dempa.

Både i saksframstillinga og ikkje minst på synfaringa blei det lagt vekt på at samdriftsfjøset er nødvendig for å oppretthalde driftsgrunnlaget til dei fire brukarane. Det blei vist til at målet for norsk landbruk er auka produksjon. Det ligg utanfor ansvaret til departementet å foreta ei landbrukspolitisk vurdering i ei klagesak etter kulturminnelova.

Departementet meiner at endå et samdriftsfjøs i nærleiken til Hove kyrkje er på grensa av kva dette området toler av nye, store inngrep. Departementet har imidlertid under sterk tvil kome til at vi ikkje vil overprøve Riksantikvaren si faglege skjønnsutøving i denne saka. Departementet meiner derfor at Riksantikvaren sitt vedtak må oppretthaldast. Det er ei klar føresetnad for departementet si avgjerd at dei vilkåra Riksantikvaren har sett, blir følgde nøye opp.


Konklusjon

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle momenta i saka og har, etter ei samla vurdering, kome fram til at vedtaket om løyve frå Riksantikvaren til å føre opp eit samdriftsfjøs, blir oppretthalde. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre feil i lovbruken, saksbehandlinga eller andre feil som kan ha hatt verknad for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova § 41.

Klagen tas ikkje til følgje.

Departementet vil tilføye at landskapet som omgjev middelalderkyrkja, er svært sårbart og vanskeleg vil kunne tole fleire slike store industriprega bygg i nærområdet til kyrkja.


Med helsing


Mathys Truyen (e.f.)
avdelingsdirektør

Elisabet Haveraaen
seniorrådgjevar

Kopi:
Pridla Samdrift DA, Hovevegen, 6893 Vik i Sogn
Riksantikvaren
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Vik kommune