Arkeologiske kulturminne i Noreg

Arkeologi er læra om fortida gjennom studiet av fysiske spor og leivningar. Kunnskapen frå desse kjeldene kan gjere oss betre i stand til å forstå oss sjølve, vår samtid og andre menneske og kulturar.

Et utgravingsfelt og en gravhaug
I juni 2020 starta utgravingane av Gjellestadskipet i Halden kommune. Skipet blei oppdaga med georadar rett ved den store gravhaugen Jellhaugen - i bakgrunnen. Foto: Snorre Tønset/KLD

Funnet av Gjellestadskipet i Østfold i 2018 – restane av eit vikingskip som truleg er frå 900-tallet – er eit av dei mest spektakulære arkeologiske funna i heile verda dei siste åra.

Funnet blei gjort takka vere ny teknologi, og utgravingane samlar stor interesse både i inn- og utland. Dette funnet illustrerer kor viktig arkeologi kan vere.

Kva er arkeologiske kulturminne og kulturmiljø?

Arkeologiske kulturminne og kulturmiljø finst overalt rundt oss. Det kan vere enkelt-kulturminne eller større, samanhengande kulturmiljø.

Mange av dei kan vi framleis sjå som tydelege spor i landskapet, som til dømes gravhaugar, fangstanlegg og helleristingar. Men mange fleire er ikkje synlege og ligg under bakken, som til dømes steinalderbuplassar og kulturlag i mellomalderbyane.

I tillegg til kulturminne og kulturmiljø ute i omgjevnadane våre, omfattar det arkeologisk kjeldematerialet gjenstandar som finst i musea og den kunnskapen som er samla i arkiv og i bibliotek.

Automatisk freding

I medhald av kulturminnelova er alle kulturminne frå tida før 1537 (reformasjonen) samt samiske kulturminne frå 1917 eller eldre, er automatisk freda. Båtar, skipsskrog og last som er eldre enn 100 år har eit tilsvarande vern.

Ei av årsakene til at det er satt eit skilje for den automatiske fredinga ved reformasjonen, er at denne hendinga markerer eit skilje mellom periodane med hovudsakeleg fysiske kjelder, og periodane med eit rikt tilfang av både fysiske, skriftlege og munnlege kjelder.

Sjølv om studiet av fysiske spor er heilt naudsynt for å forstå tida før 1537, er ikkje arkeologiske metodar øyremerkt dei eldste periodane. Bruk av arkeologiske metodar kan gje viktige kunnskapsbidrag òg ved undersøkingar av leivningar frå nyare tid.

Kulturminnedatabasen Askeladden

Askeladden er Riksantikvaren sin offisielle database over alle freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg.

Nettstaden kulturminnesok.no er publikumsversjonen av Askeladden. Her er store delar av Askeladden offentleg tilgjengeleg, og publikum kan òg leggje inn eigne registreringar, samt ytterlegare informasjon om og bilde av eigne og andre sine registreringar.

Det er store område i Noreg der det ikkje er blitt gjennomført registringar. Vi reknar derfor med at det er mange arkeologiske kulturminne og kulturmiljø rundt om i landet som enno ikkje er kjende.

Ved hjelp av metodar som ikkje gjer fysisk skade, som LIDAR-skanning og geofysiske undersøkingar, har potensialet for å påvise hittil ukjende arkeologiske kulturminne auka.

En georadarbilde av Gjellestadskipet
Slik såg Gjellestadskipet georadarbileta då det blei avdekka i 2018. Med moderne teknologi blei spor av eit vikingskip og ei rekke gravhaugar og hus frå jernalderen avdekka ved Jellhaugen i Halden kommune. Foto: NIKU

Forvaltinga av arkeologiske kulturminne

Riksantikvaren er øvste faglege styresmakt for forvaltinga av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø, og forvaltar desse i medhald av kulturminnelova.

Riksantikvaren har også ansvar for at den statlege kulturmiljøpolitikken blir gjennomført, og har eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunane og Sametinget sitt arbeid med kulturmiljø.

Frå 1. januar 2020 har fylkeskommunane forvaltingsansvaret for dei fleste automatisk freda kulturminne, med myndigheit til å gje dispensasjon frå kulturminnelova. Fylkeskommunane har òg ansvar for at kulturmiljø blir ivaretatt som omsyn i samfunns- og arealplanlegging, også på kommunenivå.

Sametinget har same mynde som fylkeskommunane når det gjeld samisk kulturmiljø i heile landet.

Dei fem universitetsmusea i høvesvis Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø har ansvar for å gjennomføre arkeologiske utgravingar av automatisk, fredakulturminne på land.

Ansvaret for å gjennomføre arkeologiske utgravingar av automatisk freda kulturminne under vatn og arbeid knytt til båtar, skipsfunn, last mv. ligg til sjøfartsmusea i Oslo, Stavanger og Bergen, og universitetsmusea i Trondheim og Tromsø.

Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) har ansvar for å gjennomføre utgravingar på oppdrag frå Riksantikvaren og fylkeskommunane/Sametinget. Dette gjeld arkeologiske kulturmiljø frå mellomalderen som kyrkjestader, kloster, borganlegg og dei åtte mellomalderbyane Bergen, Hamar, Oslo, Sarpsborg, Skien, Stavanger, Trondheim og Tønsberg.

Arkeologiske undersøkingar

I samband med arkeologiske undersøkingar er hovudprinsippet i lova at det er den som har interesse av at eit tiltak skal gjennomførast som skal dekke kostnader til særskilt gransking eller avbøtande tiltak. Dette er i tråd med prinsippet i miljøforvaltninga om at den som forbrukar eit miljøgode, skal betale for det. 

For mindre, private tiltak, eller dersom utgifta blir urimeleg tyngande for tiltakshavaren, følgjer det av lova at utgiftene skal dekkast heilt eller delvis av staten.

Spor av gravhaugar på bakken
Utgraving av spor etter gravhaugar på Hortemo, Kristiansand kommune. Foto: Kristine Ledsten, Kulturhistorisk museum.