Klage på avslag frå Norsk kulturminnefond om tilskot til oppgangssaga i Herand, Jondal kommune, Hordaland

Saka gjeld ei freda oppgangssag ved munninga av Herandselva ved Hardangerfjorden. Den første dokumentasjonen av anlegget er frå 1603. Sagbruket er éin av attraksjonane i Herand landskapspark. I dag blir saga brukt til å skjere tømmer og til å produsere materiale som brukast av kulturminnevernet i Hordaland. Stiftinga Herand Aktiebrug søkte om støtte til å bygge eit nytt vasshjul med aksling til sirkelsaga. Det vil bli bygt etter modell frå det gamle hjulet, som er intakt. Eventuelt vil delar frå det gamle hjulet bli brukt i det nye. Norsk kulturminnefond avslo fordi fondet normalt ikkje gjev tilskott til freda kulturminne. Klima- og miljødepartementet støtta avslaget til kulturminnefondet.

Klima- og miljødepartementet viser til klagen datert 16. april 2015 på vedtaket frå Norsk kulturminnefond datert 26. mars 2014 om å avslå søknaden om tilskot til oppgangssaga i Herand.

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sidene ved saka og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje er feil ved måten lova er brukt på, eller ved sakshandsaminga, feil som kan ha verka inn på innhaldet i vedtakets, jf. forvaltingslova paragraf 41. Departementet har heller ingen merknader til Kulturminnefondet si skjønnsutøving i saka. Klima- og miljødepartementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 26. mars 2014.

Klagen blir ikkje til følge.

Bakgrunn

Saka gjeld ei freda oppgangssag ved munninga av Herandselva ved Hardangerfjorden. Den første dokumentasjonen av anlegget er frå 1603. Saghuset er 23 meter langt og 5,2 meter bredt. Huset er bygd i grovt bindingsverk, og taket er tekt med skifer frå eit lokalt steinbrot. Sagbruket er éin av attraksjonane i Herand landskapspark.

I dag blir saga brukt til å skjere tømmer og til å produsere materiale som brukast av kulturminnevernet i Hordaland.

30. oktober 2015 søkte Stiftinga Herand Aktiebrug om støtte til å bygge eit nytt vasshjul med aksling til sirkelsaga. Det vil bli bygt etter modell frå det gamle hjulet, som er intakt. Eventuelt vil delar frå det gamle hjulet bli brukt i det nye.

Norsk kulturminnefond avslo søknaden 26. mars 2015, fordi fondet normalt ikkje gjev tilskott til freda kulturminne.

Merknader frå klagaren, datert 16. april 2014

Klagaren peiker på at det i forskrifta til Norsk kulturminnefond står at føremålet er å bidra til å styrkje arbeidet med å ta vare på verneverdige og freda kulturminne. Klagaren viser også til at heller ikkje strategiplanen til fondet seier noko om at fondet ikkje kan støtte freda kulturminne. Klagaren spør derfor etter kor grunnlaget for avslaget er heimla, og meiner det er i strid med både forskrifta og strategien til fondet.

Merknader frå Norsk kulturminnefond, jf. oversendinga datert 21. oktober 2015

Fondet viser til at avgjerda i forskrifta til Norsk kulturminnefond, paragraf 10, om freda kulturminne, blei oppheva med verknad frå 31. januar 2014. Etter det er ikkje fondet lenger pålagt å gje støtte til freda kulturminner, men kan fortsatt gje slik støtte dersom det er grunnlag for det.

Den tidlegare ordninga med at fondet var pålagt å setje av middel til freda kulturminne, falt bort allereie ved søkjarrunden for 2013, medan det at Riksantikvaren har hovudansvaret for slike kulturminne, først blei gjennomført frå årsskiftet 2013/2014. Riksantikvaren har fått styrkt budsjettet sitt tilsvarande det fondet tidlegare var pålagt å setje av til freda kulturminne.

Etter dette gjev Riksantikvaren tilskot til freda bygningar, medan Kulturminnefondet som hovudregel gjev tilskot til verneverdige kulturminne. Fondet mottar eit stort tal søknader, har avgrensa økonomiske middel og skal fordele midla ut frå omsyn til geografi, type kulturminne og ulike målgrupper.

Denne saka gjeld eit veldig interessant objekt, og søknaden blei høgt prioritert, men nådde ikkje opp i den endelege vurderinga fondet gjorde.

Fondet vurderte søknaden på eit fagleg grunnlag, men på grunn av eit stort tal søknader og avgrensa middel, må fondet kvart år prioritere strengt, og fann ikkje grunnlag for å prioritere denne søknaden og gjere om vedtaket.

Etter ei ny, konkret og heilskapleg vurdering, meiner fondet at søknaden ikkje når opp i den interne prioriteringa. Det har heller ikkje kome fram nye moment som gjev grunnlag for å endre avgjerda. Fondet oppretthald avslaget.

Klagaren har ikkje kommentert oversendingsbrevet frå Norsk kulturminnefond til Klima- og miljødepartementet

Merknader frå Klima- og miljødepartementet

Etter den gjeldande forskrifta til Norsk kulturminnefond paragraf 14, kan søkjaren klage vedtak i saker om fordeling av middel frå fondet inn til Klima- og miljødepartementet dersom det er feil i sakshandsaminga eller i måten lova er brukt på. Etter den reviderte forskrifta som gjeld frå 1. oktober 2013, kan departementet også overprøve fondet si skjønnsutøving.

I vurderinga av klagen kan departementet prøve ut alle sidene ved saka og ta omsyn til nye høve, jf. forvaltingslova paragraf 34, andre ledd. I klagehandsaminga skal departementet vurdere synspunkta som klagaren fremjar.

Med ei særs stor mengd søknader og avgrensa tilskottmiddel, må Norsk kulturminnefond prioritere strengt. Det inneber også å prioritere nokre søknader ned.

Klima- og miljødepartementet har ingen merknader til Norsk kulturminnefond si skjønnsutøving og kan heller ikkje sjå at det er feil ved måten lova er brukt på eller ved sakshandsaminga, feil som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltingslova paragraf 41.

Klagen blir derfor ikkje tatt til følgje.

 

Med helsing                                                                      

 

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Marianne Moltke-Hansen
seniorrådgivar

Kopi til Norsk kulturminnefond