Klage på avslag på søknaden om tilskot frå Norsk kulturminnefond, prosjekt 170317 Dalseg nordgard - skifertak - bustadhus, Sør-Fron kommune, Oppland

Søknaden gjeld støtte til omlegging av skifertak på bustadhus frå 1840 på Dalseg nordgard i Sør-Fron kommune. Taket er originalt, med store skiferheller. Innvendig tak i andre etasje er dekorasjonsmalt. Taket har lekkasjar. Det vart reparert noe då eigarane overtok garden i år 2000, men det er behov for omlegging. Den gamle steinen skal gjenbrukast, supplert med nye. Ved vurdering av søknaden uttalte Norsk kulturminnefond at det planlagde tiltaket er godt grunngjeve. Søknadsbeløpet er høgt, då den generelle ramma på bustadhus er på 30%. Vidare viser Kulturminnefondet til at dei har avgrensa midlar til disposisjon, og at ein derfor må prioritere strengt mellom prosjekta. Ved fordelinga av tilskota blir det lagt vekt på målet om å bevare eit representativt utval, basert på geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde.Kulturminnefondet understreker i sitt saksframlegg at søknaden blei gitt høg prioritet, men at den blei prioritert ned på grunn av høg søknadssum. Fondet viser til at eigarane i klagen no vil sette inn ein større eigendel. Kulturminnefondet er avhengig av at søkarane frå starten setter opp ein finansiering for prosjektet som gjev sikkerheit for at det blir avslutta. Det er ein stor mengd med søknadar og avgrensa midlar til disposisjon. Kulturminnefondet må derfor prioritere strengt mellom prosjekta, og usikkerheit knytt til fullføringa av prosjektet kan vere grunnlag for avslag. Departementet tok ikkje klagen til følgje.

Klima- og miljødepartementet viser til klagen av 25. april 2017 på Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 24. mars 2017. Klagen gjeld avslag på søknaden om støtte til omlegging av skifertak på bustadhus frå 1840. Styret i Norsk kulturminnefond behandla klagen i styremøtet 8. desember 2017. Klagen blei ikkje tatt til følgje. Den er med brev av 18. desember 2017 send over til Klima- og miljødepartementet for endeleg handsaming.

Klagaren fekk med brev av 18. desember 2017 frå Norsk kulturminnefond kopi av brevet til Klima- og miljødepartementet med vedlegg. Det var her opplyst om klagaren sin moglegheit til å kommentere innhaldet i brevet, med ein frist på tre veker. Klagaren har ikkje kome med merknader.

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sidene ved saka og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje ligg føre feil ved lovbruken eller ved saksbehandlinga, feil som kan ha hatt innverknad på innhald i vedtaket, jf. forvaltningslova § 41.
Klima- og miljødepartementet har heller ikkje innvendingar mot kulturminnefondet si skjønnsutøving i saka. Departementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 24. mars 2017.
Klagen blir ikkje tatt til følge.

Bakgrunn

Søknaden gjeld støtte til omlegging av skifertak på bustadhus frå 1840 på Dalseg nordgard i Sør-Fron kommune. Taket er originalt, med store skiferheller (snippheller 82cm x 118 cm). Innvendig tak i andre etasje er dekorasjonsmalt. Taket har lekkasjar. Det vart reparert noe då eigarane overtok garden i år 2000, men det er behov for omlegging då det er lekk og fleire steinar er falt ned.

Den gamle steinen skal gjenbrukast, supplert med nye. Vindskier og takrenner skal fornyast. Det er søkt om kr. 337.125 av totalsummen på kr. 597.875, dvs. en privatdel på 43,6%. Eigarane har i 2015 fått tilskot frå Norsk kulturminnefond til stallen/geithuset på setra.

Ved vurdering av søknaden uttalte Norsk kulturminnefond at det planlagde tiltaket er godt grunngjeve. Søknadsbeløpet er høgt, då den generelle ramma på bustadhus er på 30%. Vidare viser Kulturminnefondet til at dei har avgrensa midlar til disposisjon, og at ein derfor må prioritere strengt mellom prosjekta. Ved fordelinga av tilskota blir det lagt vekt på målet om å bevare eit representativt utval, basert på geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde.

Klagaren sine merknader, datert 25. april 2017

Klagaren viser i klagen sin av 25. april 2017 til at finansieringsplanen var basert på maksimalt tilskot frå Kulturminnefondet, kr. 250.000, i denne type saker. På bakgrunn av avslaget har eigarane oppfatta at fondet gjev maksimalt 30% tilskot til bustadhus. Dei ber om at saka vert handsama på nytt, med ein søknadssum på inntil kr. 165.000.

Norsk kulturminnefond sine vurderingar og vedtak i klagesaken, styremøtet 8. desember 2017

Norsk kulturminnefond har på bakgrunn av klagen hatt ein ny gjennomgang og vurdering. Styret i Kulturminnefondet har i møtet 8. desember 2017 hatt ein ny gjennomgang og gjennom ei samla vurdering av alle sidene av saka, fann styret samrøystes at det ikkje var grunn for å gjere om vedtaket. Klagen blei ikkje tatt til følge.

Klima- og miljødepartementet sine merknader

Etter gjeldande forskrift for Norsk kulturminnefond § 14 kan ein klage på vedtak i saker om fordeling av middel frå fondet på grunnlag av feil i saksbehandlinga eller rettsbruken. Klagen skal sendast til Klima- og miljødepartementet, som også kan overprøve fondet si skjønnsutøving.

I vurderinga av klagen kan departementet prøve alle sidene av saka og ta omsyn til nye forhold jf. forvaltningslova § 34 andre ledd. I handsaminga av klagen skal departementet vurdere synspunkta som klagaren fremjar.

Klima- og miljødepartementet viser til grunngjevinga for avslaget, jf. styret sitt vedtak og Norsk kulturminnefond sitt avslag, melde i brev av 4. april 2017.

Kulturminnefondet understreker i sitt saksframlegg at søknaden blei gitt høg prioritet, men at den blei prioritert ned på grunn av høg søknadssum. Fondet viser til at eigarane i klagen no vil sette inn ein større eigendel. Kulturminnefondet er avhengig av at søkarane frå starten setter opp ein finansiering for prosjektet som gjev sikkerheit for at det blir avslutta. Det er ein stor mengd med søknadar og avgrensa midlar til disposisjon. Kulturminnefondet må derfor prioritere strengt mellom prosjekta, og usikkerheit knytt til fullføringa av prosjektet kan vere grunnlag for avslag.

Klima- og miljødepartementet ser ikkje at det er feil ved saksbehandlinga eller rettsbruken i denne saka, jf. forvaltningslova paragraf 41. Departementet har heller ingen merknadar til fondets skjønnsutøving.

Klagen blir derfor ikkje tatt følge.


Med helsing

Mathys Truyen (e.f.)
avdelingsdirektør

Tonte Hegard
seniorrådgjevar

Kopi:
Kulturminnefondet