Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fjell

Nesten en tredel av Noreg utan Svalbard er fjell, omtrent 119 000 km2. Denne artikkelen gir oversikt over naturmangfald, muligheiter og avgrensingar i kva du kan gjøre i fjellet.

Dyr og planter

Artane som lever i fjellet er tilpassa tøffe forhold med kort sommar og lang vinter. Om lag 250 planter, 400 mosar, 2-3000 insekt, 30 fuglar og 5 pattedyr lever i fjellet. Det er 84 trua arter i fjellet og grotter er ein trua naturtype. Naturtilstanden i fjellet er god, sjå Miljøstatus for fleire opplysningar. 

Fjellrein

Den ville fjellreinen i Sør-Noreg er unik. Nord for dei sørligaste delane av Sør-Trøndelag finnes det i dag berre tamrein. Villreinen i Sør-Noreg utgjer den siste resten av den europeiske villreinen som var utbredt i store deler av Europa etter siste istid. Difor har Noreg eit særskilt internasjonalt ansvar for villrein. Den treng store område å vandre i og for å ta vare på dei gjenværande villreinområda har vi laget regionale planar for villreinfjella. Målet er å sikre en heilheitleg forvalting av fjellområde som er spesielt viktige for villreinens framtid i Noreg. For meir informasjon om villrein i Noreg se: www.villrein.no

Smågnagarår

Ein gong i mellom når snøforholda er passande, får lemen ungar under snøen heile vinteren. Eit lemen får 8-10 ungar og kan få eigne ungar når det er 3 ukar gammal. Desse åra kallast smågnagarår og er regna som ein motor for naturen i fjellet. I smågnagarår er det lett for fjellrev og rovfuglar å finne nok mat til ungane sine. Dei forast opp på lemen og eter ikkje like mye rypeegg og -ungar som elles. Dermed får rypeungane også leve opp. Utover sommaren blir det lite mat til lemena og dei begynner å døy. Da kan dei forureine drikkevatn og spreie sjukdommen harepest. Mattilsynet  gir beskjed om det ikkje er trygt å drikke vatnet i fjellet.

Friluftsliv, jakt og fiske i fjellet

Allemannsretten gir oss lov til å gå alle stader det ikkje er jorder, hagar eller gårdstun. På tur i fjellet kan det likevel være greitt å følgje stiger og ha med kart. Turistforeningar, kommunar og andre har merka stiger i fjellet. Best oversikt finn du på UT.no.

I fjellet lever fjellryper og liryper. Mange liker å jakte ryper om hausten og det skytast mellom 100 000 og 500 000 ryper i fjellet kvart år. For å kunne jakte rype må du betale jegeravgifta og ha jaktkort for det området du skal jakte i. Jaktkort seljas ofte lokalt, men også på nettstaden; www.inatur.no . Ryper kan jaktast frå 10. september til 28. februar (frem til 15. mars i Nordland, Troms og Finnmark). Sjekk likevel kva som er gjeldande for ditt område då jakttida varierer frå stad til stad.

Vi har fleire tusen fjellvatn og i mange av dei er det aure og abbor. Viss du er under 16 år kan du fiske med stang i alle vann i Noreg. Er du eldre må du kjøpe fiskekort hos www.inatur.no. I Finnmark gjeld eigne reglar.

Det er mange nasjonalparkar og andre verneområde i fjellet. Der gjeld egne føresegner og det er mellom anna ikkje lov å bygge hytter, veier eller andre større tiltak. 

Dei viktigaste reglane i fjellet

Stortinget har vedteke fleire lover om kva man kan gjøre i fjellet og kven som skal bestemme. De viktigaste er:

  • Plan og bygningsloven regulerer bygging av hytter, hus og veier.
  • Regionale planer for villreinområde vedtas i medhald av plan og bygningsloven, avgrensar nasjonale villreinområde og fastsett ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda.
  • Motorferdselloven regulerer kor det er lov å kjøre med motorkjøretøy som mellom anna snøscooter og firehjuling (ATV)
  • Naturmangfaldloven
  • Fjellova reguler jakt og fiske i statsallmenningar
  • Friluftsloven
  • Naturoppsynsloven
  • Finnmarksloven
Til toppen