Kulturlandskap og ope lågland

Mennesket sin bruk av naturen har vore med på å skape varierte landskap med artsrikdom. Kulturlandskapet er òg rikt på kulturminne og kulturmiljø. Å ta vare på kulturminne og biologisk mangfald er ei investering for framtida.

Kulturlandskap i Maridalen
Foto: Elisabet Haveraaen

I denne artikkelen vil vi rette merksemda mot dei biologiske og kulturhistoriske verdiane som finnes i kulturlandskapet og kvifor desse verdiane er viktige og korleis ein kan ta vare på det.  Denne artikkelen tar også for seg omgrepet Ope lågland. Ope lågland er eit omgrep på natur under skoggrensa som grunna tynt jordsmonn, ras og andre forstyrringar ikkje veks til med skog.

Kva er kulturlandskap og ope lågland?

Kulturlandskap definerast vanlegvis som eit landskap som er påverka av menneskeleg aktivitet over lang tid. Omgrepet blir særleg nytta om jordbrukslandskapet.

Jordbruket sitt kulturlandskap er skapt gjennom busetting og bruk av landskapet gjennom tusenvis av år. Dette er eit landskap som er forma av jordbruksverksemd og omfattar alt frå storskala kornåkerlandskap til eit meir mosaikkprega småskalalandskap med beiting, grasproduksjon og små biotopar som har vore nytta til ulike typar jordbruksverksemd som setring i skog og fjell, slått i utmarka og beiting i lyngheia osv.

Ope lågland omfattar all kulturmark nedanfor skoggrensa og naturlig open mark. Det er dermed stor overlapp mellom uttrykka kulturlandskap og ope lågland. Saman omfattar uttrykka ein rekke hovudtypar fastmarkssystem som ligg under skoggrensa, men som ikkje er dekka av skog.

Jordbrukslandskapenes mangfald og kombinasjon av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Norge. Det biologiske mangfaldet i jordbrukslandskapet representerer eit kulturbetinga biologisk mangfald. Dette mangfaldet utgjer derfor ein viktig del av vår kulturarv og er avhengig av jordbruket sitt tidlegare og nåverande innsats i landskapet.

Det at eit landskap er eit kulturlandskap betyr ikkje nødvendigvis at dette landskapet er verdifullt eller spesielt. Det betyr rett og slett at landskapet har vore og er nytta til å produsere. Men vi vet at for mange av dei kulturlandskapsområda kor vi i dag finn eit rikt naturmangfald innehar ofte restar av det mindre moderne jordbrukslandskapet

Kvifor tek vi vare på kulturlandskap og ope lågland?

Foto: Elisabet Haveraaen

Om lag 30 prosent av dei trua artane held til i kulturlandskapet.

Vi finn det rikaste naturmangfaldet i slåttemark og naturbeite. Her lever planter som ikkje vil ha mykje næringsstoff, ofte planter med flotte blomster. Der finn vi mellom anna blåklokke og prestekrage. Ville blomster som produserer pollen og nektar er viktige for mange insekt, som villbier, humler og sommarfuglar. Tradisjonell drift og skjøtsel er avgjerande for at fleirtalet av desse artane ikkje skal bli utrydda. I jordbrukets kulturlandskap finn ein og dei fysiske spora etter drift, skjøtsel og busetnad. Dette kan være rydningsrøyser, steingjerder, ferdselsveger og bygningar av ulike slag nytta til drifta.  Her finns og åkrar, beitemarker, slåtteenger, lyngheier og lauvingslier. Desse landskapselementa er avhengig av at bruk, skjøtsel og vedlikehald held fram.

I kulturlandskapet og anna ope lågland er 16 naturtypar rekna som trua. Det er spesielt ulike utformingar av slåtteeng og naturbeitemark som er særs utsett. Naturmangfaldet og kulturminne i jordbruket sitt kulturlandskap er særleg trua av arealendringar og moderne jordbruk. I kulturlandskapet finn vi også det høgste talet med framande arter – mange av dei med eit stort spreiingspotensial og stor evne til å fortrenge andre lokale arter.

Kystlynghei, som er ein utvald naturtype etter naturmangfaldlova , er døme på ein type kulturlandskap som treng beiting, rydding og brenning for å bli ivaretatt.

Kulturlandskapet utgjer ein viktig del av nærmiljøet til menneska, og skaper tilhøyrsle og gir oss grunnlag for friluftsliv og oppleving av lokal natur, kultur og historie.

Regjeringas politikk for kulturlandskap (og ope lågland)

Foto: Elisabet Haveraaen

 

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester
  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua arter og naturtypar skal betrast
  • Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for komande generasjonar
  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast
  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020

Aktuelle verkemiddel under Klima- og miljødepartementet

Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Ordninga består av 22 ulike verdifulle område i Noreg med minst eitt område i kvart fylke.

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren driftar prosjektet. Les meir.

Utvalde naturtypar

Utvalde naturtypar er reglar om  korleis vi kan bruke spesielle typar natur. Slåttemyr, slåttemark, lauveng og kystlynghei er døme på utvalde naturtypar i kulturlandskapet og anna ope lågland.

Du kan sjå forskrift om utvalde naturtypar.

Du kan søkje om pengar til tiltak og skjøtsel for å ta vare på utvalde naturtypar. Les om tilskotsordning for utvalde naturtypar.

Verdsarv

Noreg har fleire kulturlandskap  på Unesco si verdsarvliste. Noreg har ei internasjonal forplikting til å ivareta dei verdiane. Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap og Røros med circumferensen som har ulike typar kulturlandskap. Les meir.

Prioriterte arter

Naturmangfaldlova gjer høve til å prioritere arter, noko som betyr særskild forvaltning for å ta vare på dei. Svarthalesove, honningblom, dragehode og svartkurle er døme på prioriterte arter i kulturlandskapet og anna ope lågland. Les meir.

 

Områdevern

Ein del særleg verdifulle kulturlandskap er verna som landskapsvernområde etter naturmangfaldlova.

Værne kloster landskapsvernområde i Rygge kommune, Østfold fylke er døme på dette. Sjå forskrifta.

Kulturmiljøfreding

Særleg verdifulle kulturmiljø kan fredast etter kulturminnelova som kulturmiljø. Dette er område som har høg kulturhistorisk verdi. Bygdøy kulturmiljø og Utstein kloster kulturmiljø er døme på kulturmiljø som er freda og der jordbruket sitt kulturlandskap òg er freda. Sjå forskrift om Bygdøy kulturmiljø og Ulstein kloster kulturmiljø. Men og Havrå med omkring liggjande kulturlandskap er freda som kulturmiljø.

Verkemiddel under Landbruks- og matdepartementet

Kvart år forhandlar staten med bondeorganisasjonane om  prisar på jordbruksvarer og reglar for næringa. Det blir òg forhandla om kor mykje pengar ein skal bruke på miljø over nasjonalt og regionalt miljøprogram. Klima- og miljødepartementet tek del i jordbruksforhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane. 

Framande arter

Naturmangfaldlova gjer høve til å regulere nesten alle typar innførsel, omsetning og utsetting av fremmande arter og nesten alle organismegrupper. Nedkjemping av framande organismar er et stort problem og kan gjerast av frivillige, av eigar av private hagar, ved dugnadsinnsats eller i form av prosjekter i regi av for eksempel miljøvernorganisasjonar, private samanslutningar og andre. Miljødirektoratet gir årlig tilskot til nedkjemping av fremmande organismar. Les meir.

 

Les meir: