Skog i Noreg

Det veks skog på om lag 38 prosent av Noregs areal utanom Svalbard, tilsvarande 122 000 kvadratkilometer. Auka skogvern og nøkkelbiotopar er viktig for å ta vare på det store naturmangfaldet i skog.

Økosystemtenester frå skog

Skogen fangar og lagrar energien frå sola ved hjelp av vatn og karbon frå lufta. Difor kan intakt skog og skogsjord lagre store mengder karbon og er viktige når vi skal redusere utslepp av klimagassar.

Røtene til skogen held på vatn og jord så det blir mindre flaum og skred. Difor kan velfungerande skogøkosystem dempe negative effektar av klimaendringar.

Skogen gir oss tømmer, ved og andre trevarer som kan brukast til bioenergi, råstoff og byggematerialar og erstatte utslippsintensive produkt.

Skogen har eit stort naturmangfald vi kan få bruk for til medisinar og annan industri. Den produserer mat i form av bær, sopp og jaktbart vilt. Skogen blir brukt til turar og trening og er difor viktig for friluftsliv og folkehelse.

Dyr og plantar

Skogen i Noreg kan bli opp til 45 meter høg. Fordi trea veks i høgda blir skogen ein tredimensjonal struktur med fleire levestadar for artar enn annan natur.

Heile 60 prosent av dei kjente artane i Noreg lever i skog, grovt rekna ca 33 000 artar. Gamal skog med ulike treslag og ulik høgde, alder, og døde tre i ulike nedbrytingsstadium har flest artar. Skog som veks på kalkrik jord har spesielt stort artsmangfald.

Nær halvparten (1122) av dei trua artane lever i skog. Om lag tusen av desse er negativt påverka av skogbruk, særleg hogst, men og treslagsskifte og skogsvegar.

Vi finn 13 trua naturtypar i skog. 

Naturtilstanden i skog er i stor grad eit resultat av skogbruk og låge rovviltbestandar. Naturindeksen for skog er låg. Dette betyr at tilstanden for naturmangfaldet i skogen er redusert samanlikna med korleis tilstanden ville vore utan menneskeleg påverking.

Den låge  naturindeksverdien kjem i stor grad av at det er relativt lite død ved og gamle tre i dagens skogar, noko som er ei naturleg følge av skogbruk.

Tilstanden har forbetra seg noko sidan 1990, særleg på grunn av meir død ved, og dermed betre levekår for ei rekke arter av insekt og sopp som lever der. I tillegg har det blitt meir hjortedyr i skogen.

I skogbruk blir trea oftast hogde når dei er 60-100 år gamle. Dersom trea får stå til dei dør av seg sjølv, kan gran bli opp til 500 år og furu 800 år. Eiketre kan bli endå eldre, over 1000 år.

Vanlig skogbruk skjer ved flatehogst. Nesten alle trea på eit areal blir felt på ein gong, og tømmerstokkane blir tatt ut. I skog som veks til etter flatehogst er trea like gamle og om lag like store. Dermed er det liten variasjon og få i levestader for mange av artane, særleg for dei som lever gamle tre eller døde tre.

Flatehogsten fører til lysopne, varme og tørre hogstflater der mange artar tørker ut. Seinare blir det ofte mørke og kjølege plantefelt der lite sol slepp til og få artar kan leve på bakken.

Ivaretaking av naturmangfald i skog

Skogvern

Skogbruk er ifølgje Norsk rødliste for arter den viktigaste negative påverkingsfaktoren for artane i skogen.

Skogvern er eit viktig tiltak for å sikre naturmangfaldet mot hogst og andre inngrep. Skogen blir verna etter naturmangfaldlova som naturreservat, og skogeigaren får erstatning for det tømmeret dei ikkje kan hogge og selje.

Om lag 5,1 prosent av skogen og 3,8 prosent av den produktive skogen er nå verna. Målet er at 10 prosent av skogarealet i Noreg skal vernast.

Miljøstyresmaktene og Norges skogeierforbund har samarbeidd om frivillig skogvern sidan 2003. Skogeigarar som har aktuelle område for vern kan ta kontakt med Statsforvaltaren i sitt fylke.

Sidan 2005 er det verna 713 skogområde  gjennom samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog. I tillegg er det verna mykje skogareal på statsgrunn.

Skogbrukets miljøomsyn

Skogbruk har blitt drive i Noreg i lang tid. I dei seinare par tiåra er det sett inn tiltak i skogbruket for å unngå hogst på areal som er særleg viktig for trua artar og som blir kalla nøkkelbiotopar.

Samla areal med nøkkelbiotopar per juli 2021 er om lag 1,19 millionar dekar, der 153 000 dekar har blitt verna etter naturmangfoldlova. Det er forventa og lagt opp til at omfanget av nøkkelbiotopar skal auke framover.

Mellom anna Naturbase og Kilden viser på kart kor nøkkelbiotopane finst.

Skogbruk blir regulert av skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk. Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane nøkkelbiotopar og andre viktige livsmiljø blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Norsk PEFC Skogstandard.

Dei fleste skogeigarar sertifiserer tømmeret sitt etter Norsk PEFC skogstandard eller etter FSC.

Stortinget har vedtatt fleire lover som er viktige for ivaretaking av miljøverdiar i skog

I tillegg er fleire forskrifter viktige for ivaretaking av miljøverdiar i skog: