Frie inntekter korrigert for utgiftsbehov

Dei frie inntektene i kommunane og fylkeskommunane er rammetilskot og skatteinntekter på inntekt og formue. Dei frie inntektene utgjer over 70 prosent av dei samla inntektene i kommunesektoren.

Skilnaden mellom landets kommunar er til dels store når det gjeld kostnadsstruktur, demografisk samansetning og geografisk struktur og størrelse. Både etterspurnaden etter kommunale tenester og kostnadene ved å tilby dei vil variere mellom kommunane (kommunen sitt utgiftsbehov). Når ein skal samanlikne inntektsnivået mellom kommunane, er det derfor relevant å ta omsyn til at kommunane har ulikt utgiftsbehov.

Ved berekning av frie inntekter korrigert for utgiftsbehov er det tatt utgangspunkt i summen av dei frie inntektene. Den delen av dei frie inntektene som inngår i utgiftsbehovet korrigerast ved hjelp av kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.  Dei resterande inntektene vert deretter lagt til i berekninga. Driftsutgifter til skule, pleie og omsorg, helse og sosial og administrasjon inngår i kommunane sitt utgiftsbehov, og det er variasjon i kostnadane til drift av desse tilboda det korrigerast for.

Kommunar med eit lågt berekna utgiftsbehov (”billige” å drive) vil få justert opp inntektene sine, mens kommunar med eit høgt berekna utgiftsbehov (”dyre” å drive) vil få justert ned inntektene sine.

For å få eit mest mogleg fullstendig bilete av dei frie inntektene er eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter òg tatt med i berekningane. I berekninga av frie inntekter korrigert for utgiftsbehov inkludert eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter har vi brukt ureviderte tal over eigedomskatt og inntekter frå konsesjonskraft for 2022 der desse ligg føre. For andre kommunar har vi brukt tal for 2021.

I 2022 blei det utbetalt over 3 mrd. kroner frå havbruksfondet til kommunar og fylkeskommunar. Sidan havbruksinntekter i prinsippet er frie inntekter, har vi derfor inkludert også desse inntektene i dei to kolonnane med mest omfattande inntektsomgrep.

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er eit av dei viktigaste verkemidla for å stimulere til vekst og verdiskaping i heile Noreg. Kommunar som ligg i soner med lågare sats på arbeidsgjevaravgifta enn den ordinære satsen på 14,1 prosent, får isolert sett lågare lønnskostnader enn andre kommunar, noko som gjev rom for auka tenesteproduksjon. Lågare arbeidsgjevaravgift har difor tilsvarande verknad som auka frie inntekter. Alternativt kan ein sjå på den lågare arbeidsgjevaravgifta som eit redusert utgiftsbehov som det ikkje tas omsyn til i utgiftsutjamninga. Vi viser difor óg korrigerte frie inntekter der fordelane av differensiert arbeidsgjevaravgift er inkluderte.

Det er likevel avgrensingar ved å bruke frie inntekter korrigert for utgiftsbehov for å samanlikne inntektsnivået mellom kommunane og fylkeskommunane. Grunnen er at viktige delar av inntektene til kommunane, som øyremerkte tilskot og gebyr, ikkje er med i analysen.

I tabell 1 (korrigerte frie inntekter for kommunane) viser kolonne 1 frie inntekter korrigert for utgiftsbehov. Kolonne 2 er korrigerte frie inntekter inklusive eigedomsskatt. Kolonne 3 er korrigerte frie inntekter inklusive eigedomsskatt, konsesjonskraftinntekter og havbruksinntekter.  Kolonne 4 er korrigerte frie inntekter inklusive eigedomsskatt, konsesjonskraftinntekter, havbruksinntekter og fordelen av differensiert arbeidsgjevaravgift.

I tabell 2 (korrigerte frie inntekter for fylkeskommunane) viser kolonne 1 frie inntekter korrigert for utgiftsbehov. Kolonne 2 er korrigerte frie inntekter inklusive havbruksinntekter. Kolonne 3 er korrigerte frie inntekter inklusive havbruksinntekter og fordelen av differensiert arbeidsgjevaravgift.

Alle tala er i prosent av landsgjennomsnittet.

2022