Grønt lys for kommunereforma

18. juni fekk regjeringa fleirtal i Stortinget for sitt forslag til kommunereform. Innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen viser brei politisk semje om hovudlinjene i reforma: behovet, måla, dei økonomiske verkemidla og oppstart hausten 2014.

Rett over sommaren inviterer regjeringa alle kommunar til å starte samtalar og gjere vurderingar om samanslåing med nabokommunane. Fylkesmennene vil få ansvar for å setje i gang desse prosessane. Også kommunesektorens interesseorganisasjon, KS, er tiltenkt ei rolle i det regionale arbeidet.

Departementet vil også utarbeide ei verktøykasse som kommunane kan ta i bruk for mellom anna å sjå på kva som er utfordringane lokalt og regionalt, og kva moglegheiter ulike inndelingsalternativ vil gi. Departementet vil også skissere ulike måtar kommunane kan involvere innbyggjarane for å skape god lokal forankring av reforma.