Ny kommunereform på trappene

14. mai vert kommuneproposisjonen lagt fram for Stortinget. Her vil regjeringa presentere kommunereforma i ein eigen meldingsdel.

14. mai vert kommuneproposisjonen lagt fram for Stortinget. Her vil regjeringa presentere kommunereforma i ein eigen meldingsdel.

Regjeringa har som mål å gjennomføre ei kommunereform i løpet av denne stortingsperioden. Bakgrunnen er behovet for større og meir robuste kommunar som kan få fleire oppgåver og meir ansvar. Ei god kommunereform byggjer på gode lokale løysingar, og dei lokale prosessane vert derfor svært viktige.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har oppretta nettsida kommunereform.no. I tillegg til informasjon om sjølve reforma inneheld sida mellom anna tips til kommunar som skal slå seg saman, relevant faglitteratur og ei tidsline som illustrerar utviklinga av den norske kommunestrukturen. På nettsida vert også relevante nyheiter og Twitter-meldingar lagt ut.

Første delrapport frå uavhengige ekspertar
3. januar 2014 sette Kommunal- og moderniseringsdepartementet ned eit uavhengig ekspertutval til å foreslå kriterium som har betyding for oppgåveløysinga i kommunane. Kriteria skal nyttast på lokalt, regionalt og sentralt nivå som eit grunnlag for å vurdere kommunesamanslåing og ny kommunestruktur.

Første delrapport blei offentleggjort 31. mars. Her kom utvalet med forslag til kriterium og prinsipp for ei god kommuneinndeling, basert på dei oppgåvene kommunane løyser i dag. Ekspertutvalets rapport er sendt ut til alle kommunar og fylkeskommunar.

Les meir og last ned delrapporten ”Kriterier for god kommunestruktur” (pdf). 

 

Første delrapport om kommunereforma vart overrekt til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner 31. mars (KMD).

 

Utvalet peikar på tettstadar og byar som sidan førre kommunereform har utvikla seg på tvers av kommunegrensene. I desse områda står kommunegrensene i vegen for ei einskapleg samfunnsutvikling, og ei konkret tilråding frå utvalet er at kommunestrukturen i større grad bør nærme seg funksjonelle samfunnsutviklingsområde.

Sidan førre kommunereform har det vore ei veldig auke i omfanget av kommunale oppgåver. For å sikre ei god oppgåveløysing tilrår ekspertutvalet at kommunane har minst 15 000-20 000 innbyggjarar. Utvalet tilrår også at staten reduserar detaljstyringa og at ordningar for politisk deltaking vert vidareutvikla for å sikre gode og slagkraftige demokratiske arenaar.

For at kommunereforma skal kunne gjennomførast på ein måte som tek omsyn til den mangfaldige geografien i Noreg, kjem ikkje regjeringa til å stille eit absolutt krav om innbyggjartal eller tal på kommunar. Innspela frå ekspertutvalet vil likevel liggje til grunn for det vidare arbeidet med reforma.

Vidare prosess
Til hausten vil fylkesmennene og KS bli bedt om å leggje til rette for lokale prosessar. Før jul kjem sluttrapporten frå ekspertutvalet, der dei vurderer oppgåver som det kan være aktuelt å overføre til større og meir robuste kommunar. Våren 2015 planlegg regjeringa å leggje fram ei stortingsmelding om nye oppgåver til større og meir robuste kommunar.