Oppstartssamling for prosessrettleiarar og KS

Denne veka arrangerte Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppstartssamling for kommunereforma for fylkesmannsembeta og KS på Lillestrøm.

Denne veka arrangerte Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppstartssamling for kommunereforma for fylkesmannsembeta og KS på Lillestrøm.


På samlinga fekk deltakarane høve til å utveksle erfaringar om korleis dei har lagt opp prosessen i kvart fylke. KMD informerte om reforma og demonstrerte det nye, nettbaserte utgreiingsverktøyet nykommune.no, der ein kan slå saman kommunar for å få oversikt over relevante nøkkeltal og utviklingstrekk.

I tillegg til fylkesmannsembeta og KS var ordførar Torvald Hillestad og rådmann Trond Wifstad i Re kommune inviterte for å dele sine erfaringar frå samanslåinga av Ramnes og Våle i 2002. På programmet sto også ei grensevandring frå Halden til Kirkenes med Geir Vinsand i NIVI Analyse.

 

Deltakarar på oppstartssamling for kommunereforma for fylkesmannsembeta og KS

Deltakarar på oppstartssamling for kommunereforma for fylkesmannsembeta og KS (foto: Ingebjørg Sørenes).

Fagdirektør Erna Øren i KMD presenterte den nye rettleiaren for utgreiing og prosess
Geir Vinsand, NIVI Analyse
Fagdirektør Erna Øren i KMD presenterte mellom anna departementet sin nye rettleiar for utgreiing og prosess, medan Geir Vinsand frå NIVI Analyse tok oss med på grensevandring frå fylke for fylke (foto: Ingebjørg Sørenes).