Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fagleg og uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen

Asplan Viak har fått i oppdrag av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) å foreta ein fagleg uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen. Bakgrunnen for den uavhengige gjennomgangen er reaksjonane som følgde i etterkant av KMD sin prosess med revideringa av distriktsindeksen hausten 2017 og våren 2018. KMD varsla i statsbudsjettet for 2019 ein ekstern gjennomgang av distriktsindeksen.

Asplan Viak har sendt eit utkast til distriktsindeks til alle kommunar og fylkeskommunar, for faglege innspel. 

 

Distriktsindeksen er eit verktøy for å peike ut distriktskommunar, og er eit uttrykk for graden av distriktsutfordringar i ein kommune. Distriktsindeksen skal derfor måle kommunane sine utfordringar knytt til geografiske ulemper i tillegg til samfunnsutfordringar som følgjer av geografiulempene.

For at enkeltkommunar skal kunne vurdere korleis gamal og ny indeks slår ut for rangeringa av distriktsutfordringar, har Asplan Viak utarbeidd ein metode som lettar slik samanlikning. Denne er presentert i rapporten. 

Fleire distriktspolitiske ordningar nyttar distriktsindeksen. Mange kommunar var, i sine innspel til KMD i fjor vinter, mest opptekne av korleis endringane i distriktsindeksen påverka omfang og fordeling av dei distriktspolitiske tilskota i inntektssystemet.

KMD vil vurdere innretninga på dei regionalpolitiske tilskota i inntektssystemet nærare, slik det blei omtalt i kommuneproposisjonen for 2019. Vurderinga vil primært handle om bruken av distriktsindeksen ved fordeling av distriktstilskota i inntektssystemet. Departementet kjem attende til dette. Det er derfor ikkje tenleg å vise fordelingsverknader i inntektssystemet av Asplan Viak sitt utkast til ny distriktsindeks no. Departementet vil framleis nytte den same distriktsindeksen som blei nytta i inntektssystemet for 2019, også i fordelinga av distriktstilskota i 2020.

 

Til toppen