Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utkast til ny inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har set ut i oppdrag til Transportøkonomisk institutt (TØI) å oppdatere inndelinga av norske kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar. Arbeidet skal vere ferdig i juni i år.

TØI har sendt ut eit utkast til inndeling i bu- og arbeidsmarknadsregionar til alle kommunar og fylkeskommunar, i tillegg til KS og Statistisk sentralbyrå, for innspel. Utkastet inneheld også ei utgreiing av metoden for å avgrense bu- og arbeidsmarknadsregionane.

KMD brukar bu- og arbeidsmarknadsregionar til å avgrense verkeområdet for ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift. I forkant av kvar runde med notifisering av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift (DA-ordninga) vil det derfor skje ei oppdatering av bu- og arbeidsmarknadsregionane. Oppdateringa blei siste gong gjort i 2013. Kommunar innanfor ein og same bu- og arbeidsmarknadsregion skal som hovudregel vere i same sone for arbeidsgjevaravgift. Når det gjelder DA-ordninga, brukar vi og distriktsindeksen som tilleggsverktøy. Asplan Viak gjer for tida på oppdrag frå KMD ein uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen.

Bu- og arbeidsmarknadsregionar brukast også i regionale analyser. Dei er uttrykk for funksjonelle avgrensingar av samanhengen mellom bustad og arbeid. Bu- og arbeidsmarknadsregioner er spesielt nyttig for å presentere statistikk på kart.

Ansvarleg prosjektleiar på TØI er Frants Gundersen
Telefon: 47 28 70 03
E-post: fgu@toi.no

 

 

Til toppen