Bolyst 2010 - tildelinger

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har valt ut 35 prosjekt i 17 fylke som til saman får tildelt nesten 32 millionar kroner gjennom regjeringa si distriktspolitiske satsing på Bulyst.

Kommunal- og regionaldepartementet har valt ut 35 prosjekt i 17 fylke som til saman får tildelt nesten 32 millionar kroner gjennom regjeringa si distriktspolitiske satsing på Bulyst.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn i distrikta.

- Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt som skal sørge for gode bustader går att i mange søknader. Andre tema det er interesse for å arbeide med er gode tenester, arbeidsplassar  og medverknad.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har KRD særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga og prioriteringa av søknader.

- Regjeringa har arbeidd med fleire satsingar for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete. Kva prosjekt som får støtte, vil bli kjend i løpet av juni.