Bulyst

Gjennom satsinga Bulyst, som gjekk frå 2010 til 2013, vart ei rekkje pilotprosjekt sette i gang. Desse handla om korleis kan det bli meir attraktivt å busetje seg i distriktskommunar.

Korleis kan det bli meir attraktivt å busetje seg i distriktskommunar? Dette spørsmålet er utgangspunktet for satsinga Bulyst.

Tematisk har prosjekta særleg handla om tilflytting, integrering, ungdom, kulturbasert stad- og næringsutvikling og omdømme.

Måla for satsinga var å:

  • Legge til rette for at distriktskommunar vert meir attraktive som varig bustad
  • Samle kunnskap om kva som påverkar folk sine val når det gjeld bustad

Departementet har vore oppteke av at satsinga skal støtte opp under gode lokale, regionale og nasjonale utviklingsprosjekt, som er godt forankra. Lokalt engasjement og eldsjeler kan ha mykje å seie for eit lokalsamfunn. Samspelet mellom eldsjeler, frivillig sektor, næringslivet og kommunen er viktig i det lokale samfunnsutviklingsarbeidet.

Rapportering

Alle mottakarar av bulystmidlar skal rapportere til departementet om bruken av tilskota. Rapporten skal sendast inn årleg og ved prosjektslutt. Her finn du ein mal for rapporteringa.

Distriktssenteret har meir informasjon om prosjekta

Distriktssenteret, har følgd bulystsatsinga tett. Mange av prosjekta vil gå fram til og med 2015.

For meir informasjon om dei einskilde prosjekta – gå inn på deira heimeside www.distriktssenteret.no.