Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK)

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

I 2010 vart satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) sett i gang. Fylkeskommunane har ansvaret for satsinga for å styrke kommunane sitt arbeid med å utvikle meir attraktive lokalsamfunn.

Telemarksforsking har evaluert satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Satsinga gjekk frå 2010 til 2014 for å styrke fylkeskommunane si rolle som aktiv rådgjevar og støttespelar for kommunar med utviklingsbehov

Satsinga har fått ulik form i kvart fylke. Erfaringane så langt er at kommunane har styrkt sin kompetanse, og at fylkeskommunane samhandlar meir effektitvt med kommunane om utviklingsarbeid. Samarbeid i partnarskap har styrkt kommunane sitt utviklingsarbeid.