Kort om historia til regional- og distriktspolitikken

Regional- og distriktspolitikken har i over 50 år vore ein del av ein nasjonal politikk for verdiskaping med vekt på å styrke vekstkrafta i områda utanfor dei største byområda, men innhaldet har skifta.

For 50 år sidan handla politikken om å byggje ut heile landet og stimulere til ønskte strukturendringar. Med etableringa av Distriktenes Utbyggingsfond (DU) i 1961 blei ein nasjonal regionalpolitikk etablert. På denne tida var trua på planlegging sterk. Det gjaldt både trua på økonomiske planar og fysiske investeringar. Utbygging av infrastruktur stod sentralt. Utover 70-tallet kom i tillegg fleire sektorpolitiske avgjerder som styrka utviklinga i heile landet, og utanfor dei største byane: Auke av inntektene i landbruket, fleire oppgåver til kommunane og etablering av Distriktshøgskulane.

Lokalisering av industri- og næringsetableringar

Industriutbygging blei oppfatta som nøkkelen til økonomisk vekst og dermed til utviklinga av velferdssamfunnet. DU arbeidde for at industrialisering skulle kome til alle delar av landet. Hovudmålet var å etablere verksemder og arbeidsplassar. Nye verkemiddel kom og til. Den regionalt differensierte investeringsavgifta kom i 1971 og i 1975 den differensierte arbeidsgjevaravgifta. I tillegg kom distriktsskattelova og innføringa av regional transportstøtte.

Vekst nedanfrå

På 1980-talet blei politikken endra. Det var ikkje så mange store industriprosjekt lenger. Liberaliseringa av rente- og kredittpolitikken gjorde at staten ikkje var like viktig som før når det gjaldt å skaffe kapital. Utover 80- og 90-talet auka og konkurransen for verksemdene med utlandet i takt med nedbygging av restriksjonar på handel og kapitalflyt, og billeg transport. Trua på offentleg planlegging var svekt, og det blei introdusert nye former for styring av samfunnet, med målstyring og konkurranseutsetting. For distrikts- og regionalpolitikken førte dette mellom anna til eit skifte frå å fremje ei balansert lokalisering av nye verksemder til å oppmuntre alle små og store samfunn til å utløyse dei gode kreftene som fanst. Dette blir på fagspråket kalla endogen økonomisk utvikling. Som éin konsekvens blei kommunale næringsfond innførte som eit prøveprosjekt i 1987. I 1991 blei slike fond allment tilgjengelege. DU blei slått saman med Industrifondet, Industribanken og Småbedriftsfondet til Statens Nærings- og Utviklingsfond (SND), og lagt til Næringsdepartementet. Gjennom nye fusjoner vart dette til dagens Innovasjon Noreg (IN).

Fylkeskommunane fekk leiarrolla

I 2004 fekk fylkeskommunane styrkt rolla som regional utviklingsaktør. Fylkeskommunane fekk større ansvar for forvalting av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel. Det la grunnlaget for ein regionalt tilpassa innsats basert på strategiar forankra i regionale partnarskap.