Retningslinjer for bruk av midlar

Kommunal- og regionaldepartementet sine retningsliner for bruk og forvaltning av midlar til regional- og distriktspolitikk.

Regional og distriktspolitikken blir finansiert over programkategori 13.50.

Midlane blir hovudsakleg fordelt til fylkeskommunane og verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Siva. Midlane finansierer aktivitetar for å auke verdiskaping, styrke attraktiviteten til regionane og gi gode lokale og regionale rammevilkår for næringsliv og befolkning.