Bakgrunn for meldinga

Målet er å leggja til rette for vidare hensiktsmessig politikkutforming for musea og ei fagleg god og framtidsretta utvikling av museumssektoren i Noreg.

Til grunn for arbeidet med ny museumsmelding ligg Meld. St. nr. 8 (2018 – 2019) Kulturens kraft

Også Granavollplattforma inneheld fleire punkt som vedkjem museumspolitikken. Der heiter det mellom anna at regjeringa vil

  • Leggja til rette for utvikling av kulturnæringsverksemd knytt til museum og kulturarv.
  • Gjennomføra ei heilskapleg vurdering av museumsreforma og gå gjennom statlege verkemiddel og finansieringa av musea etter konsolideringsprosessen for å sikra føreseielege rammer.
  • Ta til med arbeidet med ei ny museumslov.
  • Gjera den nasjonale kulturarven vår meir tilgjengeleg ved å styrkja forskings- og formidlingskompetansen i musea.
  • Leggja betre til rette for digitalisering av arkivsektoren og formidlinga i musea.

Førre museumsmelding vart lagt fram for Stortinget i 2009, St.meld. nr. 49 (2008–2009) Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling, fornying. Formålet med den nye museumsmeldinga er å gjera opp status for den nasjonale museumsreforma som vart sett i verk etter vedtak i Stortinget i desember 2000, og å leggja til rette for ein kunnskapsbasert og framtidsretta museumspolitikk i åra som kjem. I Meld. St. nr. 8 (2018 – 2019) Kulturens kraft heiter det mellom anna at "Kulturlivet må vere med på å rettleie folk, fremje kritisk tenking og læring, og streve etter kvalitet og kunnskap i tilfanget av informasjon og kulturelt innhald. For eksempel kan kulturverksemder som arkiv, bibliotek og museum fremje tillit, autentisitet og relevans." Korleis musea best kan koma denne og andre ambisjonar for sektoren i møte framover vil vera sentrale perspektiv i meldinga.