Arbeid med ny museumsmelding

Regjeringa skal leggja fram ei ny museumsmelding for Stortinget ved årsskiftet 2020/21. Meldinga skal gjennomgå situasjonen for museumssektoren, inkludert dei samiske musea, i lys av museumsreforma, og drøfta framtidige utfordringar og handlingsrom for musea.

Eit lite barn sit på golvet og studerer fleire bilete på ein glassvegg.

Bakgrunn for meldinga

Målet er å leggja til rette for vidare hensiktsmessig politikkutforming for musea og ei fagleg god og framtidsretta utvikling av museumssektoren i Noreg.

Ein vaksen viser eit bilete for nokre ungdommar. Dei er ute.

Regionale dialogmøte med museumssektoren

Departementet vil i samband med meldingsarbeidet vera i dialog med museumssektoren gjennom regionvise dialogmøte.

Ungdom ser på og diskuterer bilete utstilt på Perspektivet Museum.

Innspel til museumsmeldinga

Departementet ynskjer å invitera alle som har interesse av det til å levera skriftlege innspel til meldinga.

Kontakt

Kulturvernavdelinga

Telefon: 22 24 80 64
Adresse: Postboks 8030 Dep, 0030 Oslo
Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo

Til toppen