Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Innspel til stortingsmeldinga

Kulturdepartementet ønskjer innspel til meldingsarbeidet.

Vi ser gjerne at innspela identifiserer innsatsområde som vil vere viktige for å sikre at norsk språk står sterkt på alle samfunnsområde også i framtida.

Vi ber også om innspel til språkpolitiske tiltak for å styrkje nasjonale minoritetsspråk, norsk teiknspråk og samisk.

Innspela kan til dømes dreie seg om:

  • bruk av norsk og andre språk på ulike politikk- og samfunnsområde
  • korleis vi sikrar norsk som eit godt og velfungerande kultur- og bruksspråk
  • det språklege mangfaldet og språkbrukarane sine interesser

Vi ber om at innspela er korte og poengterte (helst ikkje meir enn 3–5 sider), gjerne med forslag til konkrete tiltak.

Send innspel til postmottak@kud.dep.no, og skriv "Innspel til språkmelding" i emnefeltet. Fristen var sett til 15. mai 2019, men det er framleis mogleg å sende innspel.

Alle innspel er offentlege, jf. offentleglova. Departementet journalfører innspela og publiserer dei på regjeringa.no.

 

Til toppen