Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Stortingsmelding om språk

Stortingsmeldinga vil ta opp sider ved språkpolitikken som det ikkje er aktuelt eller relevant å regulere i lov.

Det er ti år sidan den førre stortingsmeldinga om språk vart lagd fram (St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining). Analysane i meldinga er framleis gyldige på mange felt, men det er behov for ei oppdatering.

Det overordna målet for språkpolitikken er å sikre norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Det betyr at norsk er eit fellesspråk i eit moderne, fleirkulturelt samfunn, og at vi skal kunne bruke norsk språk på alle samfunnsområde – i alle samanhengar. Vi ser at norsk er under press på fleire område, og det er viktig med ein heilskapleg språkpolitikk framover.

Meldinga vil først og fremst handle om tilstanden til norsk som samfunnsberande språk, men også om dei andre språka Noreg har ansvar for: samisk, nasjonale minoritetsspråk og teiknspråk. (Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider parallelt med ei stortingsmelding om nasjonale minoritetar og ei stortingsmelding om samisk.)

Kulturdepartementet ønskjer innspel til meldingsarbeidet

Til toppen