Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Målbruk i offentleg teneste

Sentrale statsorgan rapporterer kvart år om bruken av bokmål og nynorsk, jf. lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) av 11. april 1980. Det lovbaserte kravet er at det skal vera minst 25 prosent av kvar målform i rundskriv, kunngjeringar og anna informasjonstilfang.

Det er Språkrådet som har ansvar for å føre tilsyn med korleis statsorgan vekslar mellom bokmål og nynorsk i publikumsretta informasjon.

Til og med rapporteringsåret 2013 var det Kulturdepartementet som registrerte departementas målveksling i proposisjonar, meldingar og anna utoverretta informasjonstilfang. Frå og med rapporteringsåret 2014 rapporterer alle sentrale statsorgan inkludert departementa om målveksling direkte til Språkrådet.

Sjå nettsida til Språkrådet for meir informasjon

 

Til toppen